Denne posen kokain blei funnen på Sandeid samfunnshus etter eit arrangement 1. juledag.
Foto: Privat
Prioriterer ned narkotika
På 1. juledagsfesten på Sandeid samfunnshus blei det funne ein pose med 1,9 gram kokain. Trass auka fokus på rusmiddelet i media, gjer eit brev frå Riksadvokaten at politiet i Grannar-distriktet sitt narkotikaarbeid i hovudsak er førebyggande.
— Me har ikkje mange registrerte sakar, men veit at det finst narkotika i bygdene våre. For å hindre at det aukar jobba me førebyggande, fortel seksjonsleiar ved Etne og Vindafjord politistasjon, Kari Rørtveit.
Grannar er kjent med det har blitt seld narkotika på minst eit anna offentleg arrangement det siste halvåret.
Få beslag