Ingeborg Tronstad Heggen er nærståande familie til den omkomne, som etterlet seg sambuar og tre barn.
Dei har starta ein innsamlingsaksjon på internett, ein såkalla Spleis-aksjon til inntekt for dei etterlatne.
God respons
Ho seier at familien står føre ein særs tøff periode i livet, og ho ynskjer å bidra til at dei skal få dekka dei naudsynte ekstrautgiftene som kjem nå.
Torsdag ettermiddag var det kome inn litt over 90.000 kroner til familien gjennom spleisen som heiter «Torgeir og barna». Klokka 19.15 er summen oppe i over 116.000 frå 372 givarar.
Familien til den omkomne har gitt aksept til at Grannar omtaler spleisen og namnet på den.
Støttar opp om kvarandre
Ingeborg fortel at ho er prega av tapet av Cecilie, og vil at far og barn nå skal ha så få andre bekymringar som mogleg.
— Me er alle i ein slags sjokktilstand og klarar ikkje heilt å forstå kva som har skjedd, seier Ingeborg Tronstad Heggen.
Ho fortel at dei no forsøker å ta seg best mogleg av kvarandre.