Stort steg mot draumeheimen

Sist veke blei den eldste delen av Rygg skule riven. Etter å ha fått vekk bygget frå 1869 håpar Anna Litlabø (30) og Edvin Jordal (30) å få den nyare delen klar til innflytting i løpet av året.

Publisert Sist oppdatert

— Me gler oss veldig, fortel Jordal.

Litlabø og Jordal kjøpte den nedlagte skulen. Her får paret og dei tre barna deira nesten fire mål som inkluderer skule, leikeplass og fotballbane å boltre seg på.

Spesiell oppleving

Rivinga av det gamle bygget er ein merkedag i det ambisiøse prosjektet deira. Litlabø sørga for at det blei tatt mange bilete og videoar av den historiske hendinga.

— Det var litt spesielt å oppleve. Det er ikkje kvar dag ein riv ein skule, seier Litlabø.

Skulen har ein spesiell plass i Etne kommune si historie. Den blei lagt ned i 2015/16, og det var barnehage der eit par år til.

Opp gjennom åra har Jordal og fleire hundre andre brukt fleire år av barndommen sin her. Mange har ytra eit ønske om å få ein siste kikk på den gamle delen av skulen, og nyleg var rundt 20 personar innom på ein open dag.

— Dagen var veldig kjekk. Folk mimra om gamle dagar og romma på skulen, fortel Litlabø.

Mange ville ha ein siste kikk på det gamle skulebygget på ein open dag.

Fint uteområde

Så langt har alt gått etter planen. Litlabø omtalar at rivinga, som dei gjorde sjølv, gjekk over all forventning. Nå held dei på å rydde etter rivinga. Jordal tar seg av gravemaskinarbeidet. Seinare vil dei også gjere noko betongarbeid, så vel som innreiing i sluttfasen av prosjektet.

— Kanskje ordnar me eit par av romma sjølv om tida strekk til, seier Jordal.

Ørjan Furdal i Brødrene Mæland har teikna teikningane på korleis bustaden skal bli til slutt og snikrar frå firmaet skal stå for det meste av ombyggingsarbeidet. I tillegg er Etne Containerservice, Helgevold Elektro og Rørleggar Nils Torgrimsen med på reisa mot draumeheimen.

— Eg ser fram til at me skal få stor og god plass. Me får eit kjekt uteområde kor me skal stelle til og lage plenar, fortel Jordal.

Småbarnsfamilien kjøpte den nedlagte skulen då dei såg etter bustad i området. Anna Litlabø held dottera Sofia Litlabø Jordal (3) og Edvin Jordal held Nora Litlabø Jordal (1), fremst står eldstemann Julian Litlabø Sletten (7).

Stor entusiasme

Heilt sidan paret kjøpte huset har det vore stor merksemd rundt prosjektet. Saka om kjøpet frå juli var ein av dei meste leste på grannar.no i 2022 og sidan har rundt 20 aviser slengt seg på med enten å lage eigne reportasjar eller sitere andre.

— Dei fleste er veldige glade for planane våre. Mange synest me er tøffe som tørr, seier Litlabø.

På Instagram driv dei kontoen fra_skule_til_drommehus, der dei oppdaterer om framdrifta i prosjektet. Den har over 5.000 følgjarar og innlegget om at dei har fått godkjent å omregulere bygget til einebustad fekk over 600 likes. Litlabø trudde det kunne bli litt lokal interesse, men hadde ikkje trudd det skulle bli så populært som det har blitt.

— Det er kjekt at så mange vil følge oss i prosessen, seier Litlabø.

Eg ser fram til at me skal få stor og god plass

Edvin Jordal, snart bebuar på gamle Rygg skule

Les meir om familien og husplanane deira i den populære saka frå i fjor sommar:

Unikt

Litlabø resonnerer seg fram til den store interessa med at ho ikkje har sett eit tilsvarande prosjekt i resten av landet. Også for det erfarne byggefirmaet Brødrene Mæland er det ei ny oppleving.

— Dette er første gong me er borti ei slik omfattande ombygging. For folk som ikkje ser heilskapen kan det verke litt valdsamt, men der får dei seg ein god plass, meiner byggeleiar Thomas Rullestad.

Han synest det er kjekt å få vere med på eit slikt spenstig prosjekt. På generell basis er han positiv til tanken om å gjere gamle bygningar som eksempelvis nedlagte skular, bygdahus og bedehus til bustadhus.

— Slike bygg har store og gode tomter, slik at ein får mykje hus for pengane, seier Rullestad.

Ein utfordring han ser er at det kanskje kan vere litt vanskeleg å få bustadpreg over så store bygg, men på Rygg føler han at gode teikningar frå Furdal gjer at dei har klart det godt. Han trur ungane og vennene deira kjem til å stortrivst med god plass.

— Det kan fort bli populært å bli med heim frå skulen for å leike i gymsalen, trur byggeleiaren.

Jordal fortel at dei skal fikse gymsalen i det nye skulebygget utvendig, men ikkje gjere noko innvendig i første omgang.

Frå rivinga.

Frå rivinga av den gamle delen av 1869.
Barna er glade for å få eit leikestativ i hagen.
Powered by Labrador CMS