Klokka 05.32 fredag morgon fekk politiet melding om trafikkulykke med ein bil involvert på Vikevegen i Vindafjord. Det var ein person i bilen. Personen sat fastklemt, og det blei jobba med å få den fri frå bilen. Vegen var stengt i begge retningar. Dette skriv Politiet i Sør-Vest på Twitter.
06.26 var personen ute av bilen. Personen var medviten, men blei køyrd til sjukehus av ambulanse. Helse omtalar skadeomfanget som alvorleg.
Vaktsjef Håkon Tornes ved Haugesund politistasjon fortel til Haugesunds Avis klokka 08.00 at personen i bilen var ei kvinne i slutten av tenåra.
– Ho køyrde ut i ein høgresving og inn i ein bergknaus, seier Tornes til Haugesunds Avis.
Seksjonsleiar ved Etne- og Vindafjord Politistasjon, Kari Rørtveit, lokaliserer ulykka til mellom Skjold og Vikebygd, nær Skoghaugen. Ho opplyser at kvinna er frå Grannar-distriktet og blei flydd med helikopter til sjukehus i Stavanger. Vegen er open.