Ein personbil har køyrd av vegen på Sørstrandsvegen i Etne. Bilen skal ha rulla rundt og hamna på sida.
Kom seg ikkje ut
— Det var éin person i bilen, ein mann. Vedkommande var medviten. Han kom seg ikkje ut av bilen etter hendinga, men var ikkje fastklemt, opplyser operasjonsleiar Jøran Solheim ved Sør-Vest politidistrikt til Grannar.
Skadeomfanget er elles ukjent.
Trafikk kan passere
— Bilen ligger utanfor vegen, og trafikk kan passere som normalt, seier Solheim.
Politiet melde om hendinga klokka 11.34.