Dag Inge Nordtveit (t.v.) frå Vats og Magne Tendal Samland frå Skånevik er maskinkøyrarar til vanleg, men å montera flatpakka busskur får dei òg til.
FOTO: NILS TOKHEIM
Ny miljøgate tar form
Maskinkøyrarane Dag Inge Nordtveit og Magne Samland Tendal i Bjarne Nordtveit AS er nevenyttige utan spakar òg. Dei monterer flatpakka busskur langs den snart ferdige miljøgata i Vikedal.
De er vakkert i Vikedal, og denne sommaren blir det vakrare enn nokon gong. I rundt to år har Knapphus-bedrifta Bjarne Nordtveit AS forskjøna bygda. No går arbeidet med miljøgata mot slutten, og offisiell opning er ein gong i sommar.
Detaljar
Ei miljøgate skal gjera trafikken sikrare, men det blir absolutt òg lagt vekt på estetiske detaljar. Busskura er av glas og mørkt tre, og det er ikkje få brusteinar som blir lagde ned langs trasèen.