Gründerane sel seg ut av biogass-selskap
Naturgass-selskapet Gasnor AS har sikra seg fullt eigarskap over Renevo AS.
Dette melder Renevo og Gasnor i ei felles pressemelding torsdag. Kjøpesummen er konfidensiell.
Pedersen i ny rolle
Gründerane som sel sine aksjar til Gasnor er Jan Kåre Pedersen (15 prosent), Magnar Aaland (10 prosent), Bjarte Salomonsen (10 prosent), Atle Wigum (10 prosent) og Ragnhild Aaland (5 prosent), alle med base på Stord.
— Det har vore ei spennande reise for gründerane å etablere og utvikle Renevo, seier Pedersen.
Han fortsett i ei konsulentrolle i selskapet. Eilef Stange er ny dagleg leiar i Renevo frå 4. april.
I pressemeldinga skriv Gasnor at dei ser store moglegheiter, saman med dyktige tilsette i Renevo og gode samarbeidspartnarar, for å utvikle Renevo til å bli eit av Noregs leiande selskap innanfor produksjon av biogass, samt å få etablert posisjon elles i Norden innanfor biogassproduksjon.
Fransk fond har kontroll
Gasnor AS har hovudkontor på Avaldsnes på Karmøy. Selskapet er i dag kontrollert av spanske Molgas Energy Holding, som igjen er eigd av det franske fondet InfraVia Capital.
Den nye Renevo-sjefen Eilef Stange seier til Grannar at Gasnor sitt oppkjøp av Renevo ikkje endrar noko for planane for bygginga Etne-fabrikken, som skal bli deira førebels største fabrikk i Noreg.
— Me jobbar vidare med planane i Etne, seier Eilef Stange til Grannar.
— Skal vere luktfritt
Gasnor kom inn på eigarsida i Renevo i 2020, og ifølgje Stange låg det allereie då i korta at dei på sikt skulle løyse ut alle aksjane i selskapet.
Torsdag uttalte gründer Jan Kåre Pedersen til Grannar seg til Grannar om lukt-utfordringane fabrikken på Stord har fått. Han sa då at fabrikken skal nytte ein anna teknologi i Etne, og lova at anlegget blir luktfritt.
Ifølgje Stange så Pedersen sine ord ved lag.
— Vårt mål er at alle våre anlegg skal vere luktfrie, seier han.
Han legg til at det er nybrottsarbeid dei held på med, og at det alltid kan vere litt innkøyringsproblem i starten av slike prosjekt.
— Men anlegget skal altså vere luktfritt. Det er jo også ein del av utsleppsløyvet for anlegget, presiserer Stange.