Brannmannskap frå både Etne og Ølen rykte skjærtorsdag ettermiddag ut etter melding om grasbrann ved Opheim i Vindafjord.
110 Sør-Vest meldte klokka 15.17 om at mannskap jobbar på staden.
Like før klokka 16 vart det meldt at mannskapa byrja å få kontroll, men at det vart jobba for å få full oversikt over situasjonen.
Haugesund Brannvesen har også reist til staden med si drone.
Siste, klokka 16.26: — Sjølve brannen ser ut til å vere sløkt no, opplyste Grannar sin journalist Svein-Erik Larsen som er på staden.
Etter at brannvesenet hadde fått kontroll over brannen, opplyste Morten Svandal i Haugaland Brann og Redning IKS, at det var ei lyngbrenning som var komme ut av kontroll. Det var cirka 500 dekar som brann. Svandal understrekar at lyngbrenninga var planlagt i fleire år, og at Torbjørn Ruud og dei tre andre som stod for lyngrenninga følgde alle prosedyrar.
Høyr Ruud og Svandal sine opplevingar av hendinga her: