Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Til sjukehus med helikopter etter skiulykke

Eit redningshelikopter vart skjærtorsdag rekvirert til Eikemostølen i Åkrafjorden etter at politet fekk melding om at ein person utan hjelm hadde køyrd i eit tre.

Det skal vere snakk om ein person som har stått på ski, og var ein del av eit turfølgje.

— Skadeomfanet er ukjent, men personen var medviten etter hendinga, seier operasjonsleiar Jøran Solheim ved Sør-Vest politidistrikt til Grannar.

Klokka 17.15 opplyser Sør-Vest politidistrikt at person er flydd til Haukeland universitetssjukehus i Bergen.