Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Mann i 40-åra omkom utanfor ferjekaia på Utåker

Klokka 14.38 i ettermiddag køyrde ein bil i sjøen på Utåker. Nå i kveld melder politiet i ei pressemelding at ein mann i 40-åra omkom i ulukka.

Ifølgje avisa Kvinnheringen vart det raskt klårt at det etter alt å døma kun hadde vore èin person i bilen. Vedkomande viste seg å vera ein mann i 40-åra som vart bekrefta omkomen kl.16:01.

Kvinnheringen melder at dykkarar frå brannvesenet èin time etter ulukka fekk personen opp frå 10-15 meter. Det vart iverksett livreddande førstehjelp, men det lukkast ikkje å berga livet til mannen.

Dei pårørande er ifølgje politiet varsla.

Arbeidsbåten «Loke», som var i nærleiken, vart engasjert for å heisa bilen på land.

Utåker ferjekai er ein del av sambandet Utåkar-Matre-Skånevik.