Tømmer til Granvin og Wismar
M/S Norvind» frå Arriva Shipping i Ølensvåg lasta tirsdag skurtømmer frå Søndenåneset i Vikedal.
Søndag kjem Arriva tilbake til same kai, truleg med nye M/S Nor Viking», for å lasta tømmer av Sitkagran for Wismar i Tyskland
Det meste av tømmeret frå distriktet her hamnar til desse to destinasjonene. Vanleg skurtømmer går til foredling ved sagbruk, og her er det Moelven Granvin Bruk AS i Hardanger som kjøper det meste av skurtømmer hogd i dei sørlege delane av Vestland og Rogaland.
Tømmeret frå den i denne samanhengen edlare sitka-grana, blir som oftast levert til Tyskland med Wismar i Austersjøen som mottakshamn.