Vindafjord rådhus.
I Vindafjord er det 51 heilt ledige arbeidssøkjarar. 
Arkivfoto
Vindafjord rådhus. Arkivfoto

«Me må tenkje nytt i tomteutviklinga i Vindafjord»

Den 24. Mai kunne Grannar rapportere at ingen har søkt på stillinga som moglegheitsutviklar som blei vedtatt i kommunestyremøtet i februar.

Me i Høgre stiller oss heilt bak ideen om å utforske moglegheitene innanfor næringslivet med tanke på tomteutvikling i kommunen. Likevel har me dratt nokon andre konklusjonar enn det politiske fleirtalet med Sp, Krf og Ap har.

For å gjere Vindafjord attraktiv for nye verksemder og for å tiltrekkja oss nye innbyggjarar så må me ha tilgang på gode og tilgjengelege nærings- og bustadtomter der folk vil etablere seg. Me er einige om at kommunen må ha ei rolle i arbeidet, men der fleirtalet i kommunestyret gjekk inn for å ansette denne «moglegheitsutviklaren«, foreslo me i Høgre at kommunen burde gå i dialog med næringslivet i Vindafjord.

Ein naturlig og sentral aktør med nær og god kontakt med folk og næringsliv i kommunen er Medvind Næringshage. Med bakgrunn i dette meiner me i Høgre at Næringshagen har dei beste forutsetningane for å levere denne tenesta på oppdrag frå kommunen.

I oppdragsbeskrivelsen frå kommunen, må me sette klare forventningar både til leveranse og til maks årleg kostnad. Fleirtalsvedtaket i kommunestyret om å ansette ein eigen mogeleghetsutviklar i kommunen, innebar også ein dobling av utgiftene i forhold til vedtatt kommunebudsjett. Difor meinte me i Høgre at det oppdraget me foreslo skulle begrensast av løyvde midlar i budsjettet.

Vårt forslag fekk støtte frå både Frp og Bjoa Bygdeliste, men vant dessverre ikkje gjennom i kommunestyret. Når ein nå ser at ein slit ikkje berre med å finne riktig person, men å finne nokon som helst til stillinga meiner me i Høgre at det er på tide å revurdere vedtaket frå kommunestyret og heller sjå mot vårt forslag.

Høgre går til val på å sikra attraktive bustad- og næringstomter i kommunen. Me trur at skal ein oppnå dette må kommune og næringsliv jobbe tett saman.

Håvard Rørtveit og Åge Opheim

Kommunestyrerepresentantar frå Høgre