Fleire bedrifter merkar konsekvensane av koronaviruset, og i Ølen er både frisørsalongar, optikar og treningssenter stengt etter pålegg for å hindre smitte.
Ølen sentrum. ARKIVFOTO

Moglegheiter – til det beste for alle

I kommunestyret 16. mai, vedtok me i kommunestyret i Vindafjord å gje dispensasjon frå eigne alkoholpolitiske retningslinjer og med det gje Christiansen AS på Ølen senter sjenkeløyve.

KrF sin leiar, Gustav Løge Fosse skriv i Grannar 19.05 at dei gjekk i mot dette forslaget fordi det er til det beste for borna. Me i Vindafjord Høyre meiner på den andre sida dette sjenkeløyve har klar overvekt av positive sider og at det derfor var rett å kjempa for å få dette gjennom. Me meiner det er behov for fleire sosiale møtestader for vaksne i kommunen og at kommunen ikkje bør vera eit hinder for folk som vil satsa på næringsverksemd. Vindafjord treng folk som vågar og vil meir, for Vindafjord. Og skal ein få til å drifta ein serveringsstad, så trur me at det kan løna seg å våga tenka nytt.

Fosse trekk fram viktige moment rundt skadeverknadane av alkoholmisbruk. Dette er me sjølvsagt også opptekne av, samstundes som me vil minna Krf på at det er skilnad på bruk og misbruk. Me er heilt einige i at me må få til gode rusfrie tilbod og rusfrie soner til beste for både små og store. Dette har me heldigvis mange av i kommunen vår, både på våre idrettsarenaer og kulturhus. Slike gode og trygge tilbod skal me sjølvsagt fortsette å støtte opp om.

Men me meiner og at Vindafjord har ein utfordring med manglande tilbod av gode arenaer for unge vaksne. Arenaer der ein kan vera sosiale, også utan å vera inviterte. Ein arena for å treffa nye og gamle vener. For det at folk treng folk, er kanskje tydlegare no enn nokon gong. Det er nettopp difor me meiner at ein treng sjenkestader i Vindafjord. Stader der vaksne kan møtast for å nyta alkohol i trygge og regulerte omgjevnader. Færre sjenkestader er ikkje eins med redusert alkoholbruk, tvert om. Me veit at utfordringar ikkje vert mindre av at dei vert haldne innanfor huset fire vegger. Difor ynskjer me velkommen ein open, regulert og kontrollert kultur, med sentrum sin finaste utsikt.

Det er mogleg å ha to tankar i hovudet samtidig. Ja, ein må ha gode rusfrie tilbod i kommunen, samstundes som ein har tilbod der alkoholkonsum er akseptert. Å seie at det å tillate eit sjenkeløyve i eit kjøpesenter frårøvar ein frå rusfrie tilbod blir for enkelt. Me meiner at ein ikkje må krisemaksimera effekten av dette vedtaket. No håpar me på godt alkoholvett på ein skjerma og regulert plass. Me har full tillit til at kommunen, politiet og Christiansen sjølv løyser dette på ein god måte, til det beste for alle.

Håvard Rørtveit og Therese Nesheim

Kommunestyrerepresentantar frå Høgre