Grannarblomen

Kven fortener Grannarblomen?

Kjære lesar, me treng di hjelp!

Vi i Grannar heiar på alle som på frivillig basis gjer noko ekstra for å gjere bygdene våre ekstra kjekke å bu i. I sommar vil me difor dele ut ein blomebukett kvar veke. Dette for å gjere stas på, og skrive om, dei som – utan å krevje noko for det – bidreg til at livet for enten enkeltmenneske eller heile lokalsamfunn blir lysare.

For å finne fram til personar som fortener Grannarblomen treng me di hjelp!

Nominer din kandidat til Grannarblomen ved å skrive namn og nokre ord om kvifor du meiner han eller ho fortener å bli heidra for innsatsen sin.

Send det til oss på e-post til tips@grannar.no eller som SMS til tipstelefonen 975 70 789.