Miljøgate skapar tryggleik
Fjortenåringane Anna Håland Miljeteig, Tilda Håheim, Miriam Ulland og Mina Grimås var dei første som etter den offisielle opninga kryssa den nye miljøgata i Vikedal som fotgjengarar.
Dette er eit prosjekt som har pågått over lang tid, men som ein berre høyrer lovord om. Spesielt blir entreprenøren framheva både av lokalbefolkninga og fylkeskommunen. Dagleg leiar Bjarne Nordtveit i firmaet med same namn var til stades, men delegerte all ære til mannskapet sitt med Robert Nordtveit i spissen.
Lang prosess
Det einaste negative som kom fram under opningstalane var at det har tatt veldig lang tid frå beslutninga til at prosjektet endeleg kom i gong.