Lesarvanene er i endring, og dei fleste vel no å få lokale nyhende digitalt. Difor er måndagsutgåva til Grannar snart historie. Frå oktober kjem Grannar ut på papir ein gong i veka, på torsdagar.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Lesarvanene er i endring, og dei fleste vel no å få lokale nyhende digitalt. Difor er måndagsutgåva til Grannar snart historie. Frå oktober kjem Grannar ut på papir ein gong i veka, på torsdagar. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

«Mindre papir – meir journalistikk»

Kjære lesar. Me er inne ei tid med store endringar i Grannar. Du har kanskje lagt merke til at me dei siste månadane har styrkt vår digitale satsing. No er det på nettavisa grannar.no, og ikkje i papiravisa, at du får dei lokale nyheitene først. Papiravisa har i større grad blitt ei oppsummering av det me tidlegare har publisert på nett. Denne endringa har me gjort for å møte endringane i lesevanane til folk flest. Når såg du sist ein person på ein buss eller tog bla i ei papiravis? Og når venta du sist gong på papiravisa for å lese om kva som skjedde i siste kommunestyremøte eller i fotballkampen «ditt» lag har spelt? Den tida er over, for dei fleste av oss.

Det er smarttelefonen dei fleste tyr til for å bli oppdatert på kva som skjer i lokalsamfunna våre no. Det må me levere på. Og i Grannar måler me digital trafikk på nettavisa dagleg. Den viser at lesarane set pris på den digitale satsing. På få månadar har me auka den digitale trafikken med om lag 30 prosent. Og me ser at nesten ein tredel av abonnentane våre har besøkt grannar.no før klokka 9 om morgonen. Det talet aukar stadig, noko som betyr at stadig fleire har lagt til si daglege morgonrutine å lese Grannar på nett. Det er gledeleg og inspirerande for oss som skal levere innhald til deg.

Torstein Tysvær Nymoen, ansvarleg redaktør i Grannar.

Som ein konsekvens av nye lesarvanar er det også blitt vesentleg dyrare å produsere og ikkje minst levere papiravisa i postkassa til dei som framleis ønskjer den. I tillegg forlet mange store annonsørar papiravisa, noko som trugar den tradisjonelle medieøkonomien. Dette har fleire små og store mediehus tatt konsekvensen av. Rundt oss har både Kvinnheringen, Hardanger Folkeblad, Sunnhordland og Suldalsposten kutta utgjevardagar for papir. Fleire tel på knappane.

Og no er tida inne for Grannar. Styret har vedtatt at frå oktober 2023 skal me ikkje lenger lage to, men ei papiravis i veka.

Det er journalistikk som er Grannar sin forretningsidé. Og når me i haust går frå to til ei papiravisa i veka får du ikkje mindre journalistikk. Du får meir! Det er fordi planlegging av alt innhald, og alt som ikkje handlar om å intervjue kjelder og skrive ut artiklar, men tilpasse dei for publisering på papir, er tidkrevjande. Me frigjer opp mot 50 redaksjonelle dagsverk årleg med denne omlegginga. Dette er tid med skal bruke på å lage meir lokal journalistikk frå bygdene i Etne og Vindafjord. Me omlegginga frigjer me også andre ressursar som i dag er knytt opp mot papiravisa, som me vil bruke til å utvikle nye digitale konsept, også til glede for annonsørar som opplever at effekten av papirannonsar ikkje er like stor som før.

Med nye digitale lesarvanar veks òg forventningane om å bli oppdatert på det siste når dei fiskar mobilen opp frå lomma. Difor utvidar redaksjonen si «opningstid». Fram til no har redaksjonen vore bemanna fast berre på dagtid. Frå hausten av vil journalistane i Grannar gå i kveldsturnus i vekedagane. Slik skal me gi deg fleire reportasjar enn før frå der lesarane er på si fritid, samstundes som me i større grad enn før skal halde deg oppdatert på hendingar som skjer i ditt nærmiljø. Me skal rett og slett vere best på det som skjer utafor di stovedør!

Nokon trur det no berre er eit spørsmål om tid før den tradisjonelle papiravisa er død. Eg trur ikkje det. Det er nokon som framleis les berre papir. Og det er eit faktum at nokså mange synes det er kjekt å bla i ei lokal papiravis. Og sjølv om me i Grannar akkurat no satsar hardt digitalt, skal me også i tida som kjem lage ei fyldig og god papiravis ein gong i veka. Den vil få fleire sider enn du er vant med om torsdagar, med godt lokalt innhald.

Utover sommaren og hausten vil me presentere fleire nyvinningar som me har god tru på vil styrke di oppleving av Grannar som leverandør av godt og relevant lokalt innhald, både digitalt og på papir. Me i Grannar gler oss til å ta deg med inn i ei moderne og lokal medieframtid!

Torstein Tysvær Nymoen

Ansvarleg redaktør