Politikarar og byråkratar. Oss og dykk. Respekt og truverd. Tillit. Hugs det neste gong de føler at me ikkje trur på dykk. Bruk av hersketeknikkar som «det hastar!» er ein uting og forakt for oss som har valgt dykk, og gitt dykk vår tillit til å disponera vår natur. Det burde i staden vore dialog mellom oss, kor me i felleskap kunne ha funne dei beste løysingane. Dette gjeld denne gongen, Etne-, Vindafjord- og Tysvær-fjella.
Det blir ropa høgt om at det «hastar» å få opp monstermaster i fjella våre, for å få levert straum til Gismarvik industriområde. Det som verkeleg hastar er å iverksetta verning av naturen! Vurdering av sjøkabel som vil ivareta fjella våre, natur og dyreliv, samt folkehelse, har tydelegvis ikkje vore ein del av utgreiinga. Kvifor ikkje? På grunn av eit gamalt og utdatert skriv datert 2011 som seier at «monstermaster» skal vara første prioritet. I tillegg kjem påstanden om at sjøkabel vil fordyra prosjektet med ein milliard kroner. Etterprøvinga og verifiseringa av denne utrekninga har vist seg i ettertid å vara vanskelig å bevisa.
Dagens polarisering mellom politikarar og innbyggjarar, «oss og dykk», skadar naturen vår. Det burde vore «oss«. La oss saman bygge bru og skape ei berekraftig, i ordets rette forstand, framtid for dei som kjem etter oss. For det er berekraft, eit grønt skifte, til grøn som hastar. Me disponerer naturen. Ingen eig den for evig tid. Den skal gi oss trygghet, mat og ly i all framtid. Naturen skal tåla vårt forbruk! Og me skal gi tilbake det me «låne», uten at naturen tar skade av det.
I dag blir begrepa grøn energi, bærekraft og grønt skifte, misbrukt. I kapitalismens navn. Kapitalismen er umulig å metta, den vil alltid ha meir. Derfor bør me ta tilbake tida og fornuften, og gi kapitalismen ein slankekur. Lat oss tenke sirkulær økonomi med eit felles mål om at naturen skal leva lenge etter oss. Og når ein pratar om ordet «hastar», så er det einaste som hastar i dag er å stoppa vandaliseringa av naturen!
EU har fått lov av våre folkevalde politikarar og byråkratar til å forbruka norsk natur som sitt eige. Snakk om forakt for oss som har gitt vår stemme og tillit til dykk! De har selt landet vårt «på rot» til EU! Og det er utan at me er medlem av EU? Eg ynskjer at dei som står bak denna forbrytelsen blir tatt inn for gransking i domstolen.
Det er lett å bestemma over naturen som ein ikkje ser eller har noko forhold til. «Ein skal ikkje tåle så inderlig vel alt som ikkje rammar deg sjølv!» Monstermaster med 40 meter brei avskoga gate, 30-60 meter i høgde, i tillegg til høg støyforureining, trur eg aldri ville blitt sett opp i Nordmarka i Oslo kommune. Eg tvilar også på at det kjem nokon vindmøller rundt hytteområdene i Hemsedal, Trysil og Hafjell. Ei heller på dei 7 fjell i Bergen. Slik er me; den naturen me ikkje har forhold til er lett å «ofra».
La oss stå saman om å verna om all natur! Tida kor ein kunne skylde på etterpåklokskap og at ein «ikkje visste betre» er forbi. I dag veit me bedre, me veit konsekvensane – og me har betre alternativ. La oss gå for det beste alternativet, legg straumkablane i sjø!
Bente Nesheim Johansen