Øyvind Blikra har vore teknisk sjef bak Vikedal Roots Music Festival i mange år. Denne veka mottak han Grannarblomen.
Øyvind Blikra har vore teknisk sjef bak Vikedal Roots Music Festival i mange år. Denne veka mottak han Grannarblomen.

Grannarblomen

Hjelper til med det meste

Treng du hjelp til å byggja ein scene, laga eit arrangement eller booka ein artist eller gruppe, har Øyvind Blikra (52) frå Vikedal lenge vore mannen å gå til. Han har vore ein aktiv dugnadsmann i mange år, og mottek denne veka Grannarblomen for innsatsen.

Publisert Sist oppdatert

Øyvind Blikra er fødd og oppvaksen i Vikedalsdalen, som næraste nabo til motorbanen. I 1982 vart banen gravd ut, og då var det ingen tvil om at familien Blikra stilde opp på dugnad, inkludert unge Øyvind. Det var starten på over ti år som frivillig i NMK.

— Dugnadskarrieren mi byrja vell i 1983, då banen opna. Då var far min der mykje, og eg følgde etter. I mange år gjekk eg å sopte vekk betong og grus frå startplata i køyrepausane, og etter kvart så fekk eg meir og meir ansvar. Først kosting, så jobba eg lenge i depoteamet, og til slutt var eg ein del av arrangementskomiteen i nokre år, fortel han.

Med ny bane og nyoppstarta klubb, var behovet for dugnadsfolk stort, både unge og gamle. Det tok ikkje lange tida før den dåverande tolv-åringen fekk både ansvar og tillit, då han fekk nøklane til ein bil av dugnadsgruppa.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS