Torsdag ettermiddag sende Etne kommune ut varsel om at det er innført kokepåbod på drikkevatnet for alle abonnentar som høyrer til Etnesjøen vassverk. Dette på grunn av funn av E-coli. I meldinga blir det skrive at drikkevatnet no vil bli klorbehandla. Det kan finnast lukt og smak, men ifølgje kommunen er ikkje dette helseskadeleg. Kommunen opplyser vidare at det vil bli sendt ut informasjon når kokepåbodet blir oppheva. Etne senter er blant dei som høyrer til det aktuelle vassverket.
Ifølgje Store Norske Leksikon forårsakar vanlegvis ikkje E.coli sjukdom, men det finst variantar av bakterien som produserer giftstoff. Desse kan føre til kraftig diaré hos barn og vaksne. Menneske kan bli smitta gjennom forureina drikkevatn eller mat som ikkje er varmebehandla. Vidare står det at førekomst av E-coli er ein viktig indikator på kloakkforureining av drikkevatn.
Åsmund Andersen Sekse, kommunalsjef for utvikling og drift i Etne kommune, reknar med at situasjonen vil løyse seg innan kort tid.
— Kan du seie noko om korleis desse bakteriane har komme i drikkevatnet i Etne?
— Det er ingen superdramatisk situasjon. Dette skjer mest sannsynleg fordi det har vore tørt over tid. Då det kom ein del nedbør har ein ikkje klart å reinse vatnet tilstrekkeleg, seier Sekse.
Han hevdar vidare at det ikkje er kommen kloakk i drikkevatnet.
— Kva konsekvensar kan det få, dersom nokon har drukke vatnet før desse bakteriane blei oppdaga?
— Det blir teke hyppige prøvar, så sjansane er veldig små for at nokon har fått i seg noko, seier kommunalsjefen.
— No som vatnet blir klora, og dette ikkje er helseskadeleg. Kvifor må ein framleis koke det?
— Dette skal no vere ein dobbel barriere, for å vere sikre på at me no får bukt med problemet.
Kommunalsjefen er ikkje sikker på om E.coli har vore påvist i drikkevatnet tidlegare.
— Dette er i alle fall første gang sidan eg fekk denne jobben for halvtanna år sidan.