Ståle Jamne mottok Grannarblomen for stor innsats i Skjoldar IL.
Foto: Ragnhild Kristine Løkken
Grannarblomen
Ein ekte ja-person
Skjoldabuen Ståle Jamne har vore ein aktiv dugnadsmann i Skjoldar IL. I fleire tiår har han bidrege med mykje tid som blant anna trenar og oppmann for idrettslaget, og pådrivar for det store anlegget på Vikaneset i Skjold.
Denne veka går Grannarblomen til Ståle Jamne, ei eldsjel som brukar mykje av fritida si på idrettsarenaen til Skjoldar IL. Han er takksam for alle dei som driv dugnad, og meiner at det er ein god grunn til at han har valt å bidra så mykje sjølv.
— Eg byrja på A-laget til Skjoldar IL då det starta opp i 1982. Då bidrog generasjonen over meg mykje, og la alt til rette for oss, og det var noko av det som inspirerte meg til å gjere det same, fortel han.
Drivkrafta