I Grannar den 10. august hadde kollega i kommunestyret, Håvard Rørtveit (Høgre) eit innlegg kor han viste til underteikna sin presentasjon om alderssamansetninga blant dei folkevalde i Vindafjord. Dette var i samanheng med handsaminga av kommunedirektøren sitt forslag til dei politiske utvala sin møteplan for 2023, som var gjort i KS-møtet den 13.12.22. Eg sa ein del meir enn det Rørtveit nemner, så for at det skal skal bli sett i ein heilskap, så tenkjer eg det er naudsynt å utdjupe noko.
Møteplanen vart einstemmig vedtatt i omtala møte, kor den viktigaste endringa er at kommunestyremøta no startar klokka 12, i staden for klokka 16.30 som har vore vanleg i årevis. Eit anerkjend demokratisk prinsipp er at forsamlinga som skal ta beslutningar på vegne av befolkninga, bør gjenspegle befolkninga som har valt den. Her spelar som kjent ei rekkje faktorar inn, slike som kjønn, alder, geografi, etnisitet osv. Eg var i samband med saka om møteplanen nyfiken på korleis det står til hjå oss i Vindafjord, då med fokus på alder til folkevalde, i dette høvet dei 25 fast møtande representantane i kommunestyret. Referansetidspunkt er medio inneverande valperiode, dvs. hausten 2021. Kjelder til tala er Statistisk sentralbyrå (SSB), og søk i opne kjelder på internet. Opplysningane som framkjem under er altså ikkje «vitenskapleg» forankra, og tala er runda av til næraste heile.
For å gjere unna kjønnsfordelinga, så berre nemner eg at me har noko å strekkje oss etter i Vindafjord (10 kvinner og 15 menn). Når det kjem til representasjonen hjå dei folkevalde i høve alder, samanlikna med den valbare/røysteføre delen av befolkninga, så fordeler det seg omlag slik, ut frå den inndelinga som eg valgde: For yngste gruppa, 18-29 år tilseier folketalet at ein skulle ha like over fem representantar, me har fire. Aldersgruppa 30-49 skulle ha knappe ni, me har kun fire. Eldste gruppa, frå 50-80 år, skulle ha like over 12, men har heile 17 representantar i kommunestyret. Dette er sjølsagt ikkje til forkleinelse for folkevalde over 50, tala er utelukkande sett opp for objektivt å illustrere representasjonen.
Eg tykkjer der er uheldig at ei aldersgruppe (30-49) er så underrepresentert, særleg når ein veit at det er i denne gruppa ein finn brorparten av føresette til mindreårige. Dei fleste her skal med andre ord målbere interessene til fleire enn seg sjølve. Det er rimeleg å tru at oppvekstvilkåra for barn og unge betyr ekstra mykje for denne gruppa, og dei kjenner sjølv best sine eigne og venene deira, dei drøser med andre foreldre på ymse areaner osv. I løpet av ein valperiode er det mange saker som vert handsama politisk som dreier seg om dei yngste. For inneverande periode er det som kjent Barnehage- og skulebruksplanen, som har vore oppe i fleire omgangar, det har vore knytta størst interesse og engasjement til. Det kunne vore både interessant og lærerikt då, å fått høyre stemmer og refleksjonar til fleire føresette i ordskifta, på meir eller mindre formelle møtestader ein har hatt, og sjølvsagt under voteringane.
Me veit at dei fleste i denne gruppa har travle ettermiddagar og kveldar. Det er «tidsklemma» som råkar, med aktiviteter, måltid, familietid, leksehjelp osv. Så har ein det gode og naudsynte dugnadsarbeidet på fritida som engasjerer mange føresette, som trenar, aktivitetsleiarar eller med annan rolle i regi av alle våre frivillige lag og organisasjonar. Ved å flytte kommunestyremøta til vanleg arbeidstid, slik at ein normalt kan avslutta desse til 15-16-tida, så trur eg det var eit godt vedtak for å prøve å få fleire i den omtalte aldersgruppa engasjerte i folkevalgtarbeid. Deltaking i lokalpolitikk er òg å sjå på som ein naudsynt – og stundom givande faktisk – form for dugnad.
Når det kjem til kandidatar og personval, så høyrer eg stundom at einskilde undrar seg over korleis vallistene er sette opp, rangering osv. Tillèt meg å minne om at både Senterpartiet si liste, og andre av dei tilsaman åtte vallistene som stiller i Vindafjord ved haustens val, er tilfeldig og/eller alfabetisk rangerte i høve alle kandidatane, med unntak av oftast ein eller to prioriterte. Desse er tydeleg markerte øverst på stemmesetelen, og får etter vallova eit tillegg på 25 prosent av stemmene som partiet / vallista får. Ellers har alle kandidatane felles utgangspunkt, stiller likt og på same «startstreken», uavhengig av nummer på kandidat eller førebokstav i etternamn.
Håpar flest mogleg gjer seg opp si eiga meining og stemmer ved årets val, det er det aller viktigaste. Så kan ein gjerne stemme Senterpartiet, for stø kurs og fokus på heile Vindafjord.
Avslutningsvis: Eg er heilt einig i Rørtveits konklusjon i innlegget sitt, stem gjerne på dei unge. Men med den viktige presiseringa om, at som folkevald i Vindafjord så er ein for ungdom å rekne til godt ut i siste halvdel av 40-åra.
Arild Austrheim
Kommunestyrerepresentant og listekandidat for Vindafjord Senterparti