Ulykka skjedde 300 meter ut av Glymjetunnelen på Røldal-sida, rapporterer Vest politidistrikt.
Sjåføren uskadd
Det var ein person i lastebilen. Personen seier sjølv at han er uskadd.
Som følgje av ulykka var både Glymjetunnelen og Langfosstunnelen stengd i ein lengre periode onsdag morgon og føremiddag.
Skiltar omkøyring
E134, som går over Haukelifjell, er ein av dei fire store fjellovergangane mellom aust og vest, og den desidert viktigaste for Haugalandet og sørlege delar av Vestland.
Vegvesenet har skiltar omkøyring via Rv13 og fylkesveg 46.
Politiet melder cirka 08.45 at føraren har fått sitt førarkort beslaglagt og at første beringsbil var på plass.
Ved 9.30-tida ble vegen opna i eitt felt, men det var framleis avgrensa framkommelegheit på staden.
Ved 12-tida pågjekk det framleis berging.
— Trafikken blir framleis dirigert. Trafikken flyt sake forbi. Framleis noko kø, melder Sør-Vest polidistrikt på X.
Ved 16-tida var oppryddingsarbeidet ferdig, og vegen opna for ordinær trafikk.