Får avlinga øydelagt av grågås
Glupske gjæser skapar problem for mange bønder. På garden til Vidar Aastvedt på Osnes i Etne er store deler av avlinga på bøen nær sjøen øydelagt.
— Eg er dritlei og skikkeleg forbanna. Dei et opp nesten alt nede ved sjøen og så kjem dei vidare oppover, seier Vidar Aastvedt og fortvilar over den enorme gåseflokken som år etter år forsyner seg av graset på garden.
Talet på grågjæser har auka dramatisk dei siste 10 åra. Frå ei handfull fuglar til fleire titals.
— Det var rundt fem-seks fuglar i starten. Plutseleg var dei mange og nå er det ikkje tvil om at det er over 100 nå, seier han.