Ruteansvarleg i vegvesenet på E134, Ellen Johnsen Haaberg, var godt fornøgd med møtet på Skakke. Foto: Svein-Erik Larsen
Ruteansvarleg i vegvesenet på E134, Ellen Johnsen Haaberg, var godt fornøgd med møtet på Skakke.

E134 Bakka-Solheim

Vegvesenet: — Bakka-Solheim er inne på lista

Ruteansvarleg i vegvesenet på E134, Ellen Johnsen Haaberg, hadde med seg gode nyheiter til dei frammøtte på Skakke i Etne på torsdag. Bakka-Solheim er tatt inn i deira porteføljeprioritering.

Publisert Sist oppdatert

— Nå er den nummer 20, fortalde Johnsen Haaberg.

I mars blei det kjent at vegvesenet tok Bakka-Solheim ut av si prioriteringsliste til Nasjonal transportplan (NTP) 2025–2036.

— Når me lagar våre innspel til NTP gjer me det på Samferdselsdepartementet sine instruksarar på korleis me skal me prioritere, forklarar Johnsen Haaberg.

Meir om møtet her:

Ingen tidsperspektiv

Johnsen Haaberg fortel at portefølje-prioritering er eit nytt omgrep ein ikkje brukte for nokre år sidan. Til forsamlinga fortalde ho at prosjekta har prioritet etter modenskap, og at ein nå må vente på prioritet i NTP som blir lagt fram våren 2024.

— Alle vegprosjekt er resultat av ein politisk prioritering, sa ho etter møtet.

Etter å ha jobba i vegvesenet sidan 2001 har ho lang erfaring med dette. På oppdrag frå dåverande samferdselsminister arbeidde vegvesenet fram ein kommunedelplan for Bakka-Solheim som blei vedteken av kommunestyra i Etne og Vindafjord i 2015.

— Me blei lova at om me laga plan kom den inn i NTP, men den gjorde aldri det, fortalde Johnsen Haaberg.

Me er klare når pengane kjem

Ellen Johnsen Haaberg, Statens vegvesen

Per nå trur ho det er umogleg å spå når Bakka-Solheim eventuelt kan stå klar. Johnsen Haaberg meiner at alle faktorarar er usikre, og viser til at det skal regulerast først, og at det spørst om pengane kjem i ein stor pott eller delt.

Trass alle utfordringar har ho alltid eit håp om Bakka-Solheim skal komme i NTP.

— Me er klare når pengane kjem, sa Johnsen Haaberg.

Powered by Labrador CMS