Etnemarknaden
Møtte helten på marknad
Fredag starta Etnemarknaden, og det var klart for aktivitetar og boder av alle slag. Mens nokre boltra seg i rulleballar på vatnet, var det andre som triksa med helten sin.
— Adrian Krog er helten til Håvard, fortel bestemor.
Ungguten fekk kjøpt seg ny trikseball og triksa med forbildet sitt. I følgje mor og bestemor til Håvard brukar han mykje tid til å sjå på Krog på YouTube. I tillegg til å bruka fleire timar på å triksa, og spela fotball sjølv.
Mykje aktivitet
Det var ikkje berre fotballtriksing på området i dag. Med eit fullstappa program, er det ting som skjer overalt på arealet utanfor idrettshallen, og inne. Med dyrebod, vannaktivitetar, ansiktsmaling, bilutstilling og mykje meir, var det noko å sjå for ein kvar.
Mange av utstillarane på årets marknad har vore i Etne før. Ein av dei er Haraldsen som stillar ut spekepølser av alle slag.
—Eg trur første gong var i 1994, og etter det har eg vore ein del år, fortel han.
Klovn
Han er ikkje den einaste som kjem tilbake til marknaden år etter år. På området kan du finna fleire klovnar som driv med ansiktsmaling, klovnerier, ballongleik og glitter. Dei er der for femte år på rad, og klovnen Cathrine synest det er kjekt at så mange er interesserte i å koma til teltet deira.
—Her er det alltid kø, seier ein smilande klovn.
I løpet av helga er det eit innhaldsrikt program som ventar. Det blir underhaldning av alle slag både på saloonen og i teltet. Elles finn ein noko interessant på alle hjørner.