NM-vinnar var raskast i Åkrafjorden
Laurdag stilte 21 løparar til start då IF Klypetussen arrangerte Langs Åkrafjorden. Trippel noregsmeister Kristine Lande Dommersnes (24) var raskare enn alle andre frå bensinstasjonen på Kyrping til Åkrafjordtunet på Teigland.
Dette er 21. gong det elleve kilometer lange løpet blir arrangert. 14 barn frå Etne og Skånevik stilte i eit eige barneløp på 750 meter.
Forsvarte sigeren
Deltakinga var noko ned frå det storslåtte jubileumsløpet i fjor, men toppen av resultatlista i kvinneklassa var lik. Med tida 39.41 var Haugesund IL-løpar Kristine Lande Dommersnes 13 sekund raskare enn vinnaren av herreklassa Nils Haktor Bua (Spirit Fritidsklubb). I fjor sette ho løyperekord med tida 38,18.