Det er framleis uvisst når ny E134 gjennom Vindafjord og Etne vil bli bygd.Arkivfoto
E134 Bakka-Solheim
NRK droppa E134 i meiningsmåling om samferdsel
NRK Vestland utelet E134 som svaralternativ då dei tinga ei spørejeundersøking om kva samferdsleprosjekt vestlendingar meiner bør prioriterast. Det får lokale politikarar, som torsdag skal diskutere E134 på eit stort vegmøte i Etne, til å reagere.
NRK Vestland presenterte sundag kveld resultatet av ei spørjeundersøking som Norstat har gjennomført på vegner av statskanalen sitt distriktskontor for Vestland.
Kva samferdsleprosjekt meiner du bør prioriterast?» blei 1001 innbyggarar i Vestland spurd om.
I svaralternativa kunne respondentane velgje Hordfast», Ny E16 mellom Bergen og Voss», Ingen av delane» eller Veit ikkje». Stamvegen E134 mellom Haugalandet og Austlandet, og som for tida er høgaktuell, med mellom anna Røldalstunnelen og Bakka-Solheim gjennom Etne og Vindafjord som kostbare delprosjekt, var ikkje eit av svaralternativa.