ARKIVFOTO
ARKIVFOTO FOTO: Svein-Erik Larsen

Om skytesporten

Flott at Grannar hadde ein epistel om skyting i samband med lokale skyttarar sin innsats på Landsskyttarstemne på Voss for nokre veker sidan. Skyting er ein av sportane i landet med flest aktive deltakarar. Samanlikna med til dømes ballsport får skytinga særs lite spalteplass. Kan hende trauste skyttarar delvis kan takka seg sjølve for manglande omtale, men det hadde ikkje vore dumt om media uansett viste noko meir merksemd til alle dei titusenvis som deltek rund om i heile landet. I artikkelen i lokalavisa vår hadde det diverre lurt seg inn ganske mange feil, som eg her vil freista å retta opp i.

Grovt sett kan me seia at det er tre ulike disiplinar innafor Det frivillige Skyttervesen, DFS. 1. Innandørsskyting på 15m. Føregår frå september og ut februar. 10’aren er 2mm i diameter. Ein skyt med «salonggevær,» som er kaliber .22LR. Kan også skyta med luftgevær. Ein skyt som regel 25 eller 35 skot, og kan då få maksimalt 250/350 poeng. 2. Feltskyting. Føregår i hovudsak i mars og april. På stader med meir stabilt vinterver kan dei også ha feltskyting på vinteren. Feltskyting er den mest varierte skytinga. Ein skyt på ulike figurar, som for alle frå 18 og 64 år er plassert på ulike avstandar. Dei under 18 og dei over 65 skyt også på ulike figurar, men dei skyt alltid på 100m avstand. Typisk skyt ein 6 skot i 5 ulike figurar. Ein kan då få maksimalt 30 treff.

Det er to «underdisiplinar,» som oftast vert arrangert i samband med feltstemne. Desse kan du sjå kvart år i beste sendetid på NRK. Søk på «Landsskytterstevne» på nrk.no så finn du det. Det er stangskyting, der ein skal skyta flest mogleg treff på to ulike figurar. 25 sekund skytetid på kvar figur. I tillegg har ein felthurtigskyting, også kalla «stuparen,» der ein skal treffa tre ulike figurar på kortast mogleg tid. I denne øvinga har me hatt knallgode resultat frå lokale skyttarar, som Bjørn Kjetil Skipevåg, Johannes Hundseid og Anders Hundseid. Baneskyting. Føregår i perioden april til august. Her skyt ein på rund blink, der ein får 10 poeng om ein treff i midten. Maksimal poengsum er 250 eller 350. Dei under 18 og dei over 65 skyt på 100m, der 10’aren er 6cm i diameter, medan dei på 18-64 skyt på 200m, på ein 10’ar som er Ø10cm. Nokre få skytebanar har 300m bane. Det er i baneskyting av ein kårar skyttarkonge, eller skyttardronning. Dette blir også grundig dekt av NRK.

Dei unge opp til og med 17 år er i ulike klassar, basert på alder. Desse kallar me rekruttskyttarar. Dei vaksne mellom 18 og 54 år er i ulike klassar basert på kor godt dei skaut i førre år. Desse kallar me seniorskyttarar. Dei godt vaksne frå 55 år og oppover er i ulike klassar, basert på alder. Desse kallar me veteranskyttarar. Skyting er ein unik sport, der ein 10-åring kan skyta saman med oldemor på 92 år. Mange døme på besteforeldre, foreldre og barnebarn som reiser saman, og konkurrerer saman. Seinast sist helg var eg på eit stemne på Os, der ein godt vaksen bestefar følgde barnebarnet på 16-17 år rundt i feltløypa. Kjekt å sjå det gode samhaldet mellom generasjonane, mellom kjønna og mellom ulike personar med ulik bakgrunn. Alle skyttarlag har folk frå «skyttarfamiliar,» som alltid har vore med. Her i Skånevik har me to flotte døme på dette med familiane Tendal og Taraldsøy. Men, alle er sjølvsagt velkomne, og skyttarlaga tilbyr instruksjon for dei heilt ferske, slik at ein kan kjenna meistring tidleg.

Skyttarlaga tilbyr treningsskyting, og oppskyting til storviltprøven for jegrane i landet. Mange av medlemmane i skyttarlaga er jegrar. Politiet og Forsvaret nyttar mange skytebanar for å få gjennomført naudsynt trening. Skyttarlaga og DFS er i siste instans ein del av det «utvida Forsvaret» i Noreg, og DFS får midlar over forsvarsbudsjettet. Det vert arrangert Landsskyttarstemne kvart år i slutten av sommarferien. Dette er eit enormt arrangement, med 4-7000 deltakarar frå heile landet. Frå og med i fjor har det også blitt arrangert Landsskyttarstemne innandørs. For å meistra skyting må du ha evnen til å fokusera, du bør ha balansen i orden og du må vera litt nøyaktig av deg. Dette er definitivt eigenskapar som kan koma godt med elles i livet også. Kontakt ditt lokale skyttarlag, og prøv skyting du også. Innandørssesongen startar no straks, så då passar det perfekt å prøva seg for første gong.

Roar Knudsen

Leiar i Skånevik Skyttarlag