Statssekretær Tom Kalsås (Ap) i Samferdselsdepartementet er klar på at regjeringa vil ha oppstart E134 Røldal-Seljestad. Her frå eit møte om Bakka-Solheim på Skakkesenteret i Etne tidlegare i år.
Foto: Svein-Erik Larsen
E134 Bakka-Solheim
Opnar for å starte med det verste
Statssekretær i Samferdselsdepartementet, Tom Kålsås (Ap), var regjeringa sin talsperson på møtet om Bakka-Solheim på Skakke på torsdag. Han er klar på at noko må gjerast, og gir hint om at strekninga Mo-Bakka kan bli eit startpunkt.
— Nå er me på eit område der utfordringane på heile E134 er størst. Det er behov for å få gjort noko, sa Kalsås før møtet.
Totalt 160 personar tok turen til Etne si storstove denne kvelden. Anders Sørheim Hundseid i Fatland, Erle Mæland Aasheim i MCE og Simon Nesse Økland i Bremnes Seashore fortalde om kor viktig det er å få bygd Bakka-Solheim for deira bedrifter og tilsette. Regionssjef i Norges Lastebileier-Forbund, Jan-Ove Halsøy, retta fokus mot arbeidsforholda og tryggleiken til lastebilsjåførane.
Ber fylka vere tydelege