Nybygget og renovert mellomtrinn er langbygningen til høgre.
Skjold barne- og  ungdomsskule og resten av skulane i Vindafjord er tilbake til grønt nivå over helga. Arkivfoto
Å plassere alle skulebarn med funksjonsnedsettingar til Skjold skule er eit av 13 innsparingsforslag i ei orienteringssak til utval for oppvekst og omsorg kommande veke. Arkivfoto FOTO: Foto: Jon Edvardsen

Senterpartiet prioriterer barn og småbarnsfamiliar

Ein god skule treng gode læremiddel. Diverre er det ikkje alltid slik at dei kommunale budsjetta strekk til, og det vert ofte harde prioriteringar mellom gode tiltak. Men, når drifta og resultatet vert bedre enn forventa, kan det gi rom for å gi litt til det ein har måtta nedprioritert. Vindafjord sitt rekneskap for 2022 viste eit ekstraordinert godt overskot.

Eit fleirtal i kommunestyret, beståande av Sp, Krf, SV, BBL og Mdg/uavh, har derfor sett av av to millionar kroner ekstra til innkjøp av læremiddel i 2023. Dette utgjer over 1.700 kroner per elev. Skulane står fritt til å nytta pengane etter behov på den enkelte skule. Sist veke kom også regjeringa på banen med eit ekstra tilskot til lærebøker. Beløpet frå regjeringa tilsvarer ei ny lærebok til alle Vindafjordelevar i 1.-7. klasse.

Regjeringa lyttar dermed til både foreldre og lærarar som ønskjer meir variasjon i læremiddel og som vil gi papirbøkene eit løft. Lesing på skjerm og lesing på papir gir ulike fordeler, men «langlesing» er nok litt vanskeleg på skjerm, konkluderer regjeringa. Lokalt er lærebøker på papir ei sak som SV har jobba ekstra for.

Denne gongen var fleirtalet i Vindafjord kommunestyre ein del rausare enn regjeringa. I sum utgjer Vindafjord kommune og regjeringa si ekstrasatsing på læremiddel nær 2000 kroner per elev. I Senterpartiet er me glad for at dei same partia i kommunestyret også sørga for at det vart sett av 1,5 mill ekstra til uteområde ved skular og barnehagar. Behovet for oppgradering av uteområda er stort, men det er ein god start. Gode uteområde er viktig for trivsel, leik og fysisk fostring. Skulen og skuleområda har ein viktig funksjon også utanom skuletida, fordi det er ein møteplass og arena for fritidsaktivitetar og bygdeliv. Frå 1. august utvidar Regjeringa ordninga med gratis kjernetid i SFO. No har alle 1. og 2. klassingar rett på 12 timar gratis SFO i veka. Frå same dato vert barnehagen gratis frå og med det 3. barnet i syskenflokken. Dette kjem i tillegg til den gjennomførte reduksjonen i makspris.

Vindafjord Senterparti vil leggje til rette for at kommunen skal vera ein god stad for småbarnsfamiliar. Denne fasen er ofte prega av stram økonomi og harde prioriteringar. Det er difor flott at ingen familiar skal betala for meir enn to barn i barnehagen. Kan me gjera dette enda betre? Kommunen skal vurdere om me også kan klare å auka barnehage-rabatten for det andre barnet i syskenflokken. Dette forslaget frå Sp og Krf fekk støtte av alle partia i kommunestyret.

Me er alle opptatt av at barn og unge skal ha ein god oppvekst. Basisen i dette er ein trygg og god heim og gode bygdesamfunn med gode møteplasser. Alle barn skal bli sett og forstått og få den respekt, oppfølging og læring dei har rett på. Det skal vera godt å veksa opp og bu i Vindafjord!

Jan Idar Haugen, gruppeleiar for Vindafjord Senterparti