Skulestart
Tilbakeblikk på skuletida
Grannar har tatt ein tur rundt i Grannar-distriktet for finna ut korleis innbyggjarane minnest tida i grunnskulen og stilte spørsmålet: Kva er ditt beste minne frå tida på barne-og ungdomsskulen.
Maren Heggebø
17 år, Sandeid
— Det var veldig kjekt på leirskulen me hadde på ungdomsskulen. Me reiste til Gullingen ei veke i starten av ungdomsskulen. Her fekk me bli kjent med andre.
Svein Kristiansen
68 år, Bjoa
— Eg gjekk på Fagernes skule på Næroset. Det sjuande året var det kjekkaste for då bytte eg skule. Me fekk ein enormt flink lærar. Tidlegare gjorde lærarane forskjell.
Elin Tvedt
49 år,Ølen
— Det var alltid gøy å sjå igjen folk til skulestart. Eg likte godt sosiale ting som leir, turar og aktivitetar. Det var alltid litt tøft å byrja etter ein ferie, men det gjekk seg fort til.
Solveig Hortman
55 år, Vikebygd
— Det var veldig gøy på skulevegen og så var det mange fine gutar i klassen. Eg var alltid forelska. Svømming var også veldig gøy. Eg gjekk på Statsøvingsskulen i Kristiansand og me hadde svømming der.
Oddgeir Andersen
42 frå, frå Ølen
— Eg gjekk på skule på Nedstrand og me var med i skulebedrift på ungdomsskulen. Me laga sløydting, kostar og gryteunderlag. Mitt beste minne var når me reiste til salsmesse i Stavanger. her fekk me møta handballlandslaget og me sprang rundt for å få underskrift til jentene. Skulevegen var også artig. Me reiste med buss.