Gustav Løge Fosse er førstekandidaten til Vindafjord KrF.
Foto: Helge Johan Stautland
Gustav Løge Fosse er førstekandidaten til Vindafjord KrF. Foto: Helge Johan Stautland

Vil gi familiane valfridom

Det er snart kommuneval og valkamp. Kven er på topp i kvart parti, og kva står dei for? Her er det Vindafjord KrF sin ordførarkandidat Gustav Løge Fosse som svarar.

— Korleis kom du inn i, og kor lenge har du vore aktiv i politikken?

— Eg fekk spørsmål om å bidra og kunne til slutt ikkje seie nei når eg i arbeidet med ungdomane våre på Lundeneset utfordrar dei til samfunnsengasjement. Dersom vi skal ta vare på lokaldemokratiet må nokon vera villig til å ta ansvar og vera med. Eg kom ikkje unna at eg måtte gå føre og visa i praksis at eg meinte og meiner det. Det byrja med styrearbeid 2009 og eg blei så med på listene for KrF til valet til kommunestyre og fylkesting 2011.

— Kvifor vil du vere politikar?

— Eg ønskjer å bidra til eit så godt samfunn som mogleg, og for meg er det viktig å få vera med i eit parti som legg vekt på dei kristne verdiane. Eit kvart hus og samfunn treng ein trygg og solid grunnmur.

Valvignett

Valvignett

— Kva trur du blir den viktigaste saka for deg i komande periode?

— Det gode liv i Vindafjord for ung og gammal.

— Kva vil ditt parti bidra med for å få til gode oppvekstvilkår for barn og ungdom?

— Sikre god kvalitet i barnehage og skule, valfridom for familiane, bidra til god integrering og inkludering i barnehage, skule og lokalmiljø. Ha gode rusfrie tilbod og arenaer, og støtte opp om alt det flotte friviljuge arbeidet som skjer i våre bygder.

— Korleis bør kommunen møte eldrebølgja?

— Vi bør byggje opp om og bidra til gode møteplassar og aktivitetstilbod for alle dei som skal bu lengst mogleg heime. Ha tilgang til gode og tilpassa helsetenester for alle som treng det og leggja til rette for at eldre kan bu i eigen bustad så lenge som mogleg. Sikre eit universelt utforma samfunn som i størst mogleg grad er tilgjengeleg for alle, styrkja og utvikla systematisk samhandling mellom tenester og utvikla frivillig innsats og ordningar til hjelp for pårørande i krevjande livssituasjonar.

— Korleis vil ditt parti bidra til at det skal vere mogeleg å drive aktivt landbruk framover?

— Ved å aktivt oppretthalda og bidra til utvikling av berekraftig landbruk, havbruk og matindustri, og jobbe for at landbruksjord vert ivaretatt i arealplan for kommunen, og gjennom eit sterkt jordvern hindra nedbygging av matjord.

— Kan Vindafjord kommune klare seg utan eigedomsskatt?

— Det vil vera avhengig av kor gode rammer ein får gjennom rammetilskot frå staten og kor mykje av skattane ein får behalda. Slik det er nå vil fjerning av eigedomsskatt føra til dårlegare tenester og vi vil nok vera avhengig av noko eigedomsskatt for å oppretthalde eit godt nok tenestetilbod.

Bør Etne og Vindafjord kommune slå seg saman?

— Vi har arbeidd for det før, men Etne ville ikkje. Dersom det let seg gjera vil vi vera opne for det no også.

Korleis stiller du deg til bygging av ny symjehall og bygdehus i Vats?

— Det er viktig å få på plass. Heldigvis ser det ut til å kunne bli ei løysing som ikkje belastar kommuneøkonomien i for stor grad.

— Bør Vindafjord behalde dagens skulestruktur?

— Vi vil stå på det vi var med på i inneverande periode. Vi håpar at alle gode kreftar kan klare å få til aktivitet og tilflytting også i dei små bygdene i tida framover.

Korleis bør industriområdet på Dommersnes utviklast?

— Ei utvikling av Dommersnes er avhengig av at aktuelle aktørar får del i nye utbyggingar av havvind i første omgang. Håpet er at Dommersnes kan bli med og gje aktivitet og arbeidsplassar som i hovudsak er retta mot grøn omstilling. Vi bør ta det trinnvis slik det er lagt opp til. Vi vil lytte til lokale stemmer, men erkjenner at ei slik utbygging ikkje kan gjera alle til lags.

— Kva meiner du er dei tre viktigaste grunnane til at ein bør stemme på ditt parti?

— Barna sitt beste, familien sin valfridom og ein verdig alderdom er viktig slik at vi får tid til det viktigaste samtidig som vi må leggje til rette for at verdiar må skapast i mest mogleg harmoni med skaparverket.

Faktaboks

Namn: Gustav Løge Fosse

Alder: 59 år

Sivil status: Gift med Gurine. Vi har 5 barn (Arne, Ruth, Kristian, Andreas og Gina) og 5 svigerbarn og 15 barnebarn. Tre av familiane bur i Vindafjord.

Bustad: Ølensvåg