Dette blir første gong kong Harald er på offisielt besøk i Vindafjord. Etter å ha vore konge sidan 1991 manglar han berre nokre få på å ha besøkt alle kommunane i Noreg.FOTO: JØRGEN GOMNÆS/DET KONGELEGE HOFF
Kong Harald skal jobb mindre framover.

Vindafjord kan kuppe» kongen

Kong Harald (86) har ikkje vore på offisielt besøk i korkje Vindafjord eller Etne kommune. No har Vindafjord invitert kongeparet på besøk neste år, men utan å føreslå at han kan slå to nabofloger i ein smekk.

Publisert Sist oppdatert

Desse manglar kongen

Flå, Nissedal, Froland, Åseral, Lund, Vindafjord, Etne, Osterøy, Samnanger, Vaksdal, Askvoll, Skaun, Rindal, Høylandet, Beiarn, Balsfjord og Kvænangen er kommunane Kongen enno ikkje har vore på offisielt besøk i.

Kjelde: Tv2

Kongen Harald gjentek stadig at han har som ambisjon om å besøke alle landets 356 kommunar. Og ei intensiv rundreise på Helgeland no i sommar, kor han rakk over både Hemnes, Hattfjelldal, Leirfjord, Vevelstad, Sømna og Bindal på same reise, tydar på at han meiner alvor.

No manglar kongen etter sigande berre 17 kommunar. Både Etne og Vindafjord er framleis blant dei han ikkje har besøkt. Det kan det bli ei endring på neste år. Men kanskje berre for ein av kommunane. For no har det gått ut offisiell innbyding til kongeparet frå Vindafjord kommune via Statsforvaltaren i Rogaland til Slottet. Men dette utan at Etne er nemnd med eit ord. Og det til tross for at det berre er 12 kilometer mellom kommunesentera i dei to kommunane.

Invitasjonen som Vindafjord-ordføraren Ole Johan Vierdal (Sp) har skrive under på, er ein felles invitasjon frå kommunane Lund, Randaberg og Vindafjord. Det er dei tre siste kommunane kongen manglar på si bucket-liste» i Rogaland.

Rogalandsk kuppforsøk»

Vierdal fortel til Grannar at initiativet til ein kongeleg invitasjon kom frå Lund-ordførar Magnhild Eia (Sp).

— Jarle (Senterparti-ordførar i Randaberg, red. merknad) og eg kasta oss på ideen, for dette vil me vere med på, fortel Vierdal.

— Men kva med Etne?

— Har ikkje kongen vor i Etne heller? Det visste eg faktisk ikkje. Også det som er konge-kommunen over alle kommunar! utbryt Vierdal.

Vindafjord-ordførar Ole Johan Vierdal og Etne-ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim er ofte å sjå saman. Men han har gløymd å fortlje ho at han har invitert kongeparet på besøk. Her er dei fotografert under Grannar si 50-årsfeiring tidlegare i år.

Han tenkjer naturlegvis på det faktum at Magnus Erlingsson, som regjerte landet frå 1161 til han fall for Kong Sverre i slaget ved Fimreite i Sogn i 1184, var fødd i Etne – som son av Erling Skakke og Sigurd Jorsalfare si dotter Kristin.

Ein litt brydd Vierdal seier at Etne ikkje har vore tema, sidan dette er eit Rogaland-initiativ.

— Men dei kan jo raskt hive seg på, meiner han.

Faksmilie av invitasjonen som kommunane Lund, Randaberg og Vindafjord har laga.

I brevet føreslår dei tre ordførarane i Rogaland at kongen kan legge opp eit besøk i tilknyting til ei reise til Utsira kommune som har invitert kongen til sitt 100-årsjubileum neste år. Aktuelle datoar for jubileet er 5. juli eller 1. august 2024, heiter det i Utsira kommune sin eigen invitasjon.

— Vi er sjølvsagt også opne for forslag til alternative tidspunkt, heiter det innbydinga frå Lund, Randaberg og Vindafjord.

— Ikkje imponert

Etne-ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) er veldig overraska, og ditto lite imponert, over sin kollega i Vindafjord. Ho meiner Vierdal burde kontakta ho når dei starta å planlegge kongebesøket. Ho trur ikkje noko særleg på at Vierdal ikkje visste at Kong Harald også manglar Etne på lista si.

— Her trur eg Ole Johan (Vierdal, red. merknad) tar ein spansk ein. Samstundes ser eg jo at dette kan ha skjedd som følgje av at me har ei fylkesgrense mellom oss, seier ho.

Både Dronning Sonja og Kong Harald er inviterte til Vindafjord.

Ho fortel at ho sjølv har hatt eit kongebesøk i Etne i tankane ei god stund.

— Kongen gjentek jo stadig at han vil besøke alle kommunane. Og byrjar jo å bli ein vaksen, påpeiker ho.

— Er det då aktuelt for Etne kommune å kaste seg med på Rogaland-initiativet?

— Etne kommune kan vere med på det meste, svarar ho.

To reiser?

Forutan Etne kommune manglar kongen, ifølgje ei liste TV2 har laga, også Osterøy, Samnanger, Vaksdal og Askvoll i Vestland fylke. Dei fire andre kommunane ligg lengre nord, og slik sett vil det nok vere meir praktisk å slå eit besøk i Etne saman ei kongeleg reise til Vindafjord.

Magnhild Eia i Lund, som altså har tatt initiativet, er ikkje framand for tanken.

— Men det er jo Slottet som legg opp reisene, og kanskje blir resultatet at dei deler det opp i to reiser. Ei til sørfylket i Rogaland, og ei litt lengre nord, undrar ho.

Til sjuande og sist er jo spørsmålet om kongen kjem i det heile.

— Det er førebels for tidleg å gi noko bestemt svar på om Kongeparet vil ha anledning til å avleggje eit slikt besøk, og vi skal difor få lov til å kome tilbake til saka, skriv seniorrådgjevar Grete Bergamini ved Det Kongelege Hoff til Statsforvaltaren i Rogaland for eit par veker sidan.

Grannar legg for eiga rekning til at Kong Harald er ein ivrig laksefiskar, så kanskje invitasjonar til å teste fiskelykka i Vikedalselva og Etneeleva er på sin plass.

Powered by Labrador CMS