Vest politidistrikt melde klokka 19.14 fredag om brann i en trailer på E134 i Ullensvang, ved avkøyringa mot Skare.
Det skal ha vore mykje røyk og flammar.
— Førar har kome seg ut. Naudetatane er på veg, melde politiet på X.
Det skal ha vore trafikale problem på staden.
Vegtrafikksentralen melde litt seinare på X at det skal vere snakk om varmgang i bremsar, og at det ikkje lenger var trafikale problem.