Dette har me i Grannar gleda oss til å fortelje dykk, og no slepp me nyheita: Måndag 4. september opnar lokalavisa Grannar avdelingskontor i Vindafjord, lokalisert i Medvind24-bygget i Ølensvåg.
Det er 26 år sidan lokalavisa hadde kontor i Vindafjord. Sidan 1997 har all produksjon i Grannar vore samla under eitt tak, dei siste 17 åra i Etne senter. Hovudkontoret skal framleis vere i Etne. Men no gler me oss til å kome enda tettare både på kjelder og lesarar i vår største kommune gjennom etablering av eit eiga Vindafjord-kontor.
Dette gjer me i ei tid kor dei fleste andre avisene i landet har kvitta seg med lokalkontor, for å spare pengar. Og fordi teknologiutviklinga gjennom dei siste tiåra har gjort det lettare å samle inn stoff via mobiltelefonar og breibandsignal. Så kvifor i all verden vil vi i Grannar flotte oss med slik avdelingskontor-luksus? Det er fordi 50-årsjubilanten Grannar denne hausten tek fleire grep for å styrke posisjonen som den føretrekte leverandøren av lokal journalistikk i både Vindafjord og Etne.
I ei tid kor dei regionale aktørane Haugesunds Avis og NRK er stadig sjeldnare å sjå på våre trakter, kviler stadig meir av ansvaret for å lage journalistikk i våre to kommunar på oss i Grannar. Det ansvaret tar me på alvor! Vi i Grannar har dessutan trua på at ein får laga den beste lokaljournalistikken ved å treffe dei munnlege kjeldene – menneska - ansikt til ansikt. Med det nye kontoret i Ølensvåg kjem vi ikkje berre tettare på dei største arbeidsgjevarane i Grannar-distriktet, men også mykje nærare alle lesarar som lever sine daglegliv i dei aktive bygdene Skjold, Vats, Bjoa og Vikebygd. Me får dessutan kortare reisetid enn før til både Imsland, Vikedal og Sandeid. Og det er berre ein «svingom» bort til kontora til ordførar og kommunedirektør i Ølen. Me kjem rett og slett nærmare dei gode historiene i heile Grannar-distriktet.
Me kjem rett og slett nærmare dei gode historiene i heile Grannar-distriktet.
Vi har tidlegare fortalt dykk at Grannar frå oktober i år går frå to til ei papiravis i veka. Vi kuttar papirutgåva måndagar. Det er ein konsekvens av at stadig færre les papiravis, og det har det siste året blitt markant dyrare både å trykke og distribuere papiraviser til dei stadig færre som ønskjer dei. Men dette betyr ikkje at du som Grannar-lesar får mindre journalistikk. Du får meir, rett og slett fordi vi får betre tid til å lage det. Og er du blant dei som likar papiravisa best og kanskje trur du får mindre lesestoff? Vent med å døme oss til du ser den fyldige «nye» Grannar-papiravisa som kjem i postkassa di torsdag 5. oktober!
Dei digitale lesartala våre har gått til himmels det siste halvåret. Før journalistane samlast til morgonmøte i Grannar, har nærare tusen lesarar vore innom nettavisa vår. Og opp mot fire tusen personar har vore innom nettavisa før dei legg mobilen på nattbordet for å sove. Det tek me som ei tillitserklæring frå alle som ønskjer å vere oppdatert på det lokale nyheitsbildet før dei møter kollegaene sine på jobb. Og i løpet av ei veke har me titusenvis av sidevisningar på nettavisa. Det bør alle som driv næring i lokalmarknaden, men som førebels ikkje har vurdert digital annonsering i lokalavisa, merka seg. Det er berre å slå ein telefon, eller kome innom, til dei flinke seljarane våre.
Vindafjord-kontoret vil i hovudsak vere bemanna med ein journalist kvar vekedag, og vil også bli nytta av marknadsavdelinga vår. Me gler oss til å ta i bruk kontoret, og me håpar mange vil kome innom det nye kontoret for ein avisprat! Eg vil nytte høvet til å minne om Grannar-appen. Ved å laste ned den til mobilen din kan du lese alle sakene me lagar, bli varsla om dei viktigaste lokale nyhenda gjennom push-varslar, og også lese papiravisa som e-avis.
Avishelsing frå Torstein Tysvær Nymoen, ansvarleg redaktør i Grannar
PS! Er du ikkje abonnent? Prøv oss digitalt i 5 veker for berre 49 kroner: Bli abonnent
Tips oss!
Har du eit tips om noko kjekt du meiner Grannar bør skrive om? Eller ei sak me bør grave i? Kom innom oss på kontora i Ølensvåg eller Etne, send e-post til tips@grannar.no eller ring tipstelefonen vår: 975 70 789.