Politikk er når ein kjem til stykke å prioritere kva ein vel å bruke fellesskapets ressursar, altså kommunens pengar på. Tidlegare i veka skreiv Senterpartiets listekandidat Monica Nesheim i eit lesarinnlegg i Grannar at Høgres sin ordførarkandidat i debatten i Ølen tysdag 29. august påstod at ny Vindafjordhall er grunnen til at ein ikkje driv vedlikehald på Ølen skule. Dette stemmer ikkje.
Høgre har alltid støtta å bygga opp i Vats etter brannen og tidleg fastslo eit samla kommunestyre at forsikringspengane skulle brukast i Vats. Etter at prosjektet blei presentert har eit samla formannskap gjort det klart kva ramme ein vil bruka til å byggja ny svømmehall med tilleggsbasseng og bygdahus. Å påstå noko anna er ikkje rett.
Men Høgre har alltid vore det partiet som har løfta fram nøysemd med kommunens pengebruk. Derfor har me under vegs i prosessen med Vindafjordhallen foreslått alternative løysingar for å sikre at me har økonomisk dekning for det me gjer. Dette nettopp fordi det er utruleg mange ting som treng pengar i kommunen – det er nok å nemna eldreomsorg og oppvekst.
Under debatten i Ølen vart det frå salen løfta fram støyproblematikk og investeringsbehov på skulen i bygda. Då vart det frå Høgre påpeikt at ein ikkje har pengar til alt. Det var ingen som la skulda på noko spesielt, men det vart vist til korleis ting heng saman. At kandidaten til Senterpartiet vel å presentera dette på ein annan måte endrar ikkje på dette.
Håvard Rørtveit, kommunestyrerepresentant (H)