Valkampen er snart over, og me går ei spanande tid i møte. Valet verkar å vera heilt opent, jamnare enn nokon skulle trudd. Eg er kjempestolt av valkampen me i Arbeiderpartiet har utført. Me har jobba hardt og godt for å presentere dei gode sakene våre, og få fram dei flotte kandidatane me har på lista.
Mange av dei som nå vil bli vald inn, frå dei fleste partia, vil vera nye ansikt i politikken. Eg trur me går ei veldig spanande tid i møte, både kjekk og lærerik. Det er ingen tvil om at det vil vera tøft, det er mange store utfordringar som skal løysast. Ein skal finna saman og forsøke å komma i posisjon. Det er viktig om ein skal få gjennomslag for sine hjartesaker. Det flotte med politikken i Etne er at ein har eit veldig godt samarbeidsklima, og ein tar verkeleg vare på kvarandre. Men ein må og huska at det er lov å vera ueinig.
Eg må retta ein stor takk til dei etablerte politikarane i dette valet. Eg har blitt tatt i mot på ein god måte. Eg håper at også dei andre ferske føler på det sama. Eg må og få retta ein stor takk til folk i Etne og Skånevik for mange fine ord, og lykkeønskingar på vegen. Det gjere bra for motivasjonen og trua.
Me ser at dei økonomiske utsiktene, både for privatpersonar og for kommunen vil vera vanskelege framover. Derfor trur eg det er ekstra viktig at ein vel politikarar som klarar å prioritera rett for kommunen dei neste 4 åra. Ein kan ikkje gå bananas med pengebruken, men ein kan heller ikkje spara seg te fant. Ein må satsa på dei riktige tiltaka. Ein må sikra gode velferdstenester, samtidig som ein klarar å skapa aktivitet. Ein må støtta næringslivet, og ein må sikra at innbyggjarane har det godt.
Eg trur at Arbeiderpartiets dyktige listekandidatar er dei riktige for denne jobben, og eg håpar du kan vera einig i det. Det er viktig at du bruker stemmeretten, og stem gjerne på Arbeiderpartiet og meg.
Ønsker dykk eit godt val!
Andreas Grumheden
Ordførarkandidat for Etne Arbeiderparti