Eg las om forslaga til kutt i Vindafjord kommune i Grannar torsdag 28. august. At skulesektoren i Vindafjord er så pressa at dei må koma med dette forslaget som kommunalsjef for oppvekst i Vindafjord har lagt fram, er horribelt! Det betyr at budsjettet er skrapa inntil beinet og nå må dei gnaga på beinet! Kan det verta verre?
Skulesektoren treng det di har og vel så det. Og ettersom di ikkje har fylt alle lærarplassane er det ingen å seie opp. Ein må slutta med men den tilbakevendande beskjeden om å strøypa budsjettet dersom en skal behalda den skulestrukturen vi har i dag. Det skal vi og det vart vi lova i kommunesamanslåinga. Eg trur pitlamen at det er den siste lovnaden som står att før heile samanslåingsløgna er fullbyrda!
At ein framover må kutta skulebudsjettet for å favorisera helse, er ein enkel måte å sjå problemet på. Skule og helse er dei viktigaste funksjonane i kommunen. Politikarane og administrasjonen må ikkje sjå eining for eining, men alle på ein gong. Då ser eg ein sektor som peikar seg ut for nærare gransking, nemleg administrasjonen, og spesielt sentral-administrasjonen. Rådmannen & co., som dei vart nemnde i «gamle» dagar. Har de lagt merke til den eksplosive veksten den har hatt sidan samanslåinga? Står det i høve til folkevekst og tenestetilbod? Eg skulle ønskja ei samanlikning mellom desse.
Eg har vore distriktslege, helsesjef, kommunelege, fastlege, tilsynslege, ja eg har vore tilsynslege, helsesjef og kommunelege på same tid. Som helsesjef hadde eg ansvar for legetenesta, heimesjukepleietenesta, helsesøstertenesta, psykiatritenesta og sjukeheimen. Dette var i gamle Vindafjord kommune. Men Stillinga vart likevel på berre 14 timar i veka. Utan kontorpersonale, men med nokon ekstremt dyktige medarbeidarar i alle sektorane. Det gjekk bra. Vi gjekk med overskot! Kor mange administrerer desse tenestene nå?
Vi fekk mykje merksemd frå fylkesadministrasjonen og sjukehusa, men høyrde lite frå kommunen. Vi hadde for eksempel avtale med Fylkessjukehuset i Haugesund (FIH) om tidleg-utskriving av pasientar til sjukeheimen. Dei visste kva vi stod for og vi hadde ekstremt godt samarbeid med dei. Det var aldri noko problem med innleggingar frå sjukeheimen for utredning. Fylkeslegen var innom for å sjå på drifta vår og gav positive tilbakemeldingar. Vi hadde besøk så langt bortanfrå som Wales for å studere psykiatritenesta vår i forbindelse med desentralisering av psykiatrien!
Med dette meiner eg at eg har god kjennskap til administrasjons-strukturen, om enn noko tilbake i tid. Ingen diskuterer administrasjonen, den er som ei heilag ku. Nye stillingar opprettast i det stille og ingen stiller spørsmål om kvifor. Tok ein vekk 2-3 stillingar ville det skada lite og skulen var redda. Politikarar, vakna! Det er ikkje berre å kritisere oppvekstsjefen for eit radikalt framlegg. Kom med alternativ! Kom med forslag! Ta den varme poteten og fordøy den! Detroniser den heilage kua! Saumfar administrasjonen og sjå om stillingar kan fjernast utan skade. Her er eit stort potensial! Effektivisering, samspel og delegering er nokre stikkord.
De skal få eit forslag allereie nå: Deleger alle oppgåver til det lågaste, effektive, nivå. Så får de sjå maksimal utnytting av personale. Og: Stol på medarbeidarane. Gje dei oppgåver, gje dei ansvar! Følge dei opp! Spel på lag!
Politikarar: Set kommunedirektøren og hans medsamansvorne under lupa. Der vil de finne pengar!
Lukka til!
Leiv Haaland
Dr. Emeritus.
Vikedal