Øyvind Kaldheim
Øyvind Kaldheim

KrF i 90

Kristeleg Folkeparti kan i dag 4. september feire 90 år. Sidan det er midt i komunevalet vil eg gjerne nytta vårt jubileum til å slå eit slag for lokaldemokratiet. Ut frå listene kan det bli ein stor andel nye folk i kommunestyret. Mange sit kanskje med inntrykk av  politikarane denne gongen har laga lite «sjau» ut av politikken, forutan nokre enkeltsaker.

Vel, eg trur det tyder på at politikarane i Etne dreg mykje i same retning og er fokusert på å finne den beste løysing for innbyggarane i kommunen. Ved dette valet skal KrF kjennast igjen på å være: Familie og oppvekstpartiet som vil innrette politikken ut frå at familiane er forskjellige. Det aldersvenlige partiet som sikrar tilpassing og utvikling av bu og omsorgstenestene, samt involverer eldre som ein frivillig ressurs. Helsepartiet til hjelp for heile mennesket, fysisk og psykisk. Og partiet for eit samfunn som byggast nedanfrå. Det sistnemnte er eit grunnleggande punkt i kristendemokratisk ideologi, tanken om at makt og avgjersle må utøvast på lågast tenlege nivå. Lågast nivå er gjerne familien, frivilligheita, andre fellesskap eller den tenesteytande eining som er tettast på brukaren. Samt bedrifter med lokal forankring og eigarskap. Og så har me partia sine lokallag.

Dei siste tiåra har medlemstalet i politiske parti gått tilbake. Er det derfor vi no opplever ein litt stille valkamp som nemnt ovafor? Eg vil oppmode alle yngre som eldre å melde seg inn i lokallag.  Då er det høve til komme på gruppemøte og drøfte sakene med dei som representerer partiet i kommunestyret. Du kan påverke sakene i tidleg fase og bringe fram nye. Du treng ikkje vær einig med heile partiprogrammet for å være medlem. Men gjerne eit lokallag som målberer dei viktigaste sakene for deg. Ta for eksempel valgomat.  Om svaret ditt skulle bli KrF er eg sikker på at det stemmer. Vil då minne om at alle, uansett livssyn kan delta i KrF.

Det er mest givande å være med i lokalpolitikken når det lokale demokratiet beheld råderetten over kommunebudsjettet. Derfor går Etne KrF til val på ansvarleg økonomisk styring. Det høyrest kanskje litt traust og keisamt ut  men alternativet er endå meir keisamt. Me må være budd på at det kan bli mange vanskelege val og prioriteringar for våre folkevalde i perioden som kjem.  Opp i dette skal me passe  på å rigga tenestene i kommunen på best vis og utrusta våre gode medarbeidarar til å møte  menneske i sårbare situasjonar.  Det skal me saman lukkast med.

Godt Val

Øyvind Kaldheim

Leiar  og 1. kandidat  Etne KrF