Lærerik dag på museet
Sjøliv var tema då Vindafjordmuseet inviterte skuleelevar i 3. klasse til spanande aktivitetar, folkedans, eventyrstund og omvising på museet. For tredjeklassing Aria og resten av elevane blei det ein lærerik dag.
— Dette var kjekt. Eg har aldri vore på museet før. Her er skikkeleg mykje gamalt. Båtane var veldig fine, seier Aria Martina Skrede Frøland.
Denne haustdagen har ho byta ut klasserommet på Vats skule med ein heil skuledag på Vindafjordmuseet i Vikedal, og saman med resten av 3. klasse på sin skule og tredjeklasseelevar frå Vikedal skule har ho lært korleis livet arta seg for bygdefolket før i tida.
Dagens tema var sjøliv og i løpet av den dagen fekk elevane læra om sildefiske, båtbygging og mykje anna spanande som var knytt til sjø.