Kjære lesar. Det har skjedd store endringar i og med lokalavisa di det siste halve året. No må du følgje oss på nett for å hengje med i samtalar om lokale nyhende rundt lunsjbordet. Og vil du vere oppdatert på det heilt siste, bør du også ha installert Grannar-appen på mobilen, slik at du får eit automatisk varsel når dei viktigaste nyhenda blir publiserte. For no er det digitalt først.
Og så må eg berre beklage til alle dei som i fleire tiår har kosa seg med papiravisa til kaffien på måndagar. Den er no historie. 25. september var siste gongen du fann måndagsavis i postkassa di. Dette varsla me før sommaren. Eg veit at det er fleire som synes det er leit og vemodig. Men verda går framover, og Grannar må hengje med i den digitale utviklinga.
Eg vil samstundes ta livet av ei «myte» med ein gong. Eg har nemleg høyrt nokon gi uttrykk for at no skal Grannar-lesarane få berre halvparten av det dei har fått før. Det er ei feilslutning! Det er journalistikk som er forretningsideen til Grannar. Og journalistikk skal du no få meir av enn før frå oss. Dette handlar om at det har tar tatt mykje tid og ressursar å sy saman to papiraviser. Dette er tid me no frigjer ein del av, til fordel for det med likar best – å lage god og relevant journalistikk til lesarane.
Me gjer også ei anna viktig endring i Grannar. Frå og med måndag 2. oktober går journalistane i Grannar i turnus som inkluderer kveldsvakter. Det har me aldri hatt før. Denne turnusendringa gjer me for å kunne love deg at om du ser blålys passere utafor vindauget ditt, så skal det ikkje gå lang tid før du kan oppdatere deg på grannar.no om eventuelle hendingar. Du treng ikkje å gå nokon annan stad for å bli oppdatert på lokale nyhende i Etne og Vindafjord.
Samtidig som me satsar digitalt kjem me torsdag 5. oktober ut med ei heilt ny papiravis. «Nye Grannar» blir både større og betre enn før. Normalt Grannarsidetal dei siste åra har vore 16 på måndagar og 24 på torsdagar. Me tar no mål av oss til å gi ut pluss-minus 40 sider kvar torsdag i tida som kjem. Med andre ord omtrent like mange sider i veka som før. Og dei få som enno berre les Grannar på papir skal ikkje gå glipp av viktige nyhende. Det lovar eg!
Samtidig tek vi fleire nye grep også i papiravisa – og me gler oss til å vise deg det nye produktet. Den første nye store torsdags-Grannar får du i postkassa neste torsdag! Eg vil også røpe nokre tal, som me i Grannar er stolte av: Før klokka 8.30 onsdag denne veka hadde 1.200 unike digitale brukarar oppdatert seg på siste nytt på nettavisa grannar.no. Ved lunsjtider hadde talet passert 2.500. Då klokka var 13 hadde talet passert 3.000 (!). Og før dagen er omme passerer talet ofte både 5.000 og 6.000. Og stadig oftare fleire. Det er neimen ikkje verst for ei avis som har eit godkjend netto opplag (både digital- og papir-abonnentar) på cirka 3.500. Desse digitale lesartalane har meir enn dobla seg på berre eit halvt år – og dei aukar kvar veke!
Tala betyr rett nok ikkje at det er 6.000 personar som har vore innom oss før midnatt. Men det er heller ikkje så veldig langt unna. Det er slik at les du oss fire gonger om dagen på mobilen, så blir du talt berre éin gong. Lastar du i tillegg inn grannar. no i nettlesaren på datamaskina di nokre gonger i tillegg, så blir du talt éin gong til. Det viktige for oss er at tala viser at dei stadig fleire avislesande innbyggjarane i Etne og Vindafjord no har Grannar fremst i sin daglege medierutine. Det er me stolte av – og det er det me skal byggje vidare på i tida som kjem. No gler me oss til å lage meir god, viktig og relevant journalistikk til deg i åra som kjem!
Torstein Tysvær Nymoen
Ansvarleg redaktør