Politiet ønskjer kontakt med personen på dette bildet.
FOTO: POLITIET
Politiet ønskjer kontakt med personen på dette bildet. FOTO: POLITIET

Politiet går ut med bilde og etterlyser vitne

Politiet går ut med bilde av ein konkret person dei ønskjer kontakt med, og etterlyser vitne etter det mogelege drapet på Alf Magnar Habbestad (64) i Ølensvåg.

Klokka 04.06 natt til søndag 13. august fekk politiet melding via AMK om at Alf Magnar Habbestad (64) var funnen død på en privat adresse i Ølensvåg i Vindafjord.

Kona til mannen blei etter kort tid gripen og sikta for drap.

FOTO: POLITIET

Politiet ønskjer no å komme i kontakt med vitne som kan ha gjort observasjonar, skriv Sør-Vest politidistrikt i ei pressmelding. I den samanheng går dei ut med eit bilde av ein person.

Det personen ønskljer politiet kontakt med. FOTO: POLITET

— Politiet ønsker å komme i kontakt med personen på bildet og andre vitne som kan ha gjort observasjonar langs Bjoavegen i tidsrommet 20.30-21.30 laurdag 12. august 2023. Alle som har gått langs Bjoavegen, eller sett personar gående langs Bjoavegen i det aktuelle tidsrommet, er aktuelle vitner for politiet.

Du kan kontakte politiet på 02800 eller gjennom tipsfunksjonen på politiet.no.

Bjpavegen.
FOTO: POLITIET

Les alt Grannar har skrive om saka her: Mann funnen død