Kitti Soltvedt (t.v.), Nina Alvseike, Hanne Gravelsæter Øvernes, Solveig Kvamme og Eline Mæland står bak pårørandeskulen som starta i oktober i fjor.
Kitti Soltvedt (t.v.), Nina Alvseike, Hanne Gravelsæter Øvernes, Solveig Kvamme og Eline Mæland står bak pårørandeskulen som starta i oktober i fjor.

Startar pårørandeskule

Å vera pårørande av personar med demens kan vera krevjande, for ein slik sjukdom kjem svært gradvis og ein er kanskje ikkje klar over at ein slit seg ut før det er for seint. No blir det etablert pårørandeskule for å etablera større kunnskap og samhald.

Publisert Sist oppdatert

Sjølv om demenssjukdom har kome meir fram i dagen» dei siste åra, ikkje minst på grunn av både forsking og det populære programmet Demenskoret som gjekk på NRK i fjor vinter, er det mange pårørande som framleis opplever at det er vanskeleg å snakka om demens.

— Demens er eit veldig stigmatisert tema, men det er viktig å løfta dette fram for det er mange som synest det er vanskeleg å vera opne om at ein person som står dei nær er råka av demens, seier Hanne Gravelsæter Øvernes som er demenskoordinator i Etne kommune, og med i Hukommelsesteamet i Vindafjord.

I samarbeid med Eline Mæland, leiar for demensomsorg institusjon i Etne kommune, Kitty Soltvedt, einingsleiar for heimebaserte tenester i Vindafjord kommune, Nina Alvseike, sjukepleiar i Vindafjord kommune og Solveig Kvammen, leiar Etne frivilligsentral, har dei no søkt om – og fått 45.000 kroner til ein pårørandeskule som skal gå over fire kurskveldar.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS