Kommunalsjef Nils Erik Eide for oppvekst i Vindafjord kommune jobbar med å komme Statsforvaltaren i møte.
Arkivfoto: Svein-Erik Larsen
Utfordrande å få lærarvikarar
— Alle skulane melder om at dei har folka dei treng på plass, men dei seier at det er veldig vanskeleg å få tak i lærarvikarar, fortel kommunalsjef for oppvekst Nils Erik Eide.
Han opplyser at det er ein pågåande intervjuprosess for ei 100 prosent fast stilling på Vikedal skule, mens det er lyst ut ein stilling som lærarvikar i perioden 18. september til nyttår på Vågen oppvekstsenter.