Bruce Springsteen tek med seg E Street Band til Bergen neste sommar.
Det melder Bergens Tidende , som skriv at dette blir Bruce Springsteens einaste noregskonsert i 2024.
Han skal spele på godshamna på Dokken 21. juli, og 45.000 billettar skal leggjast ut.
Veteranrockaren (74) måtte avlyse ei rekkje konsertar i USA og Canada på grunn av magesårrelaterte problem i haust. Men no melder han at det blir 22 konsertar i Europa neste sommar – og då er det eine stoppestaden altså Bergen.
Billettforsalet startar 2. november, medan startskotet for det ordinære salet går 6. november.
Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.