Haugaland og Sunnhordland tingrett
ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Krasja med mopedist
Ein mann i starten på 70-åra som ikkje er busett i distriktet, var uheldig då han skulle gjennomføra ein venstresving langs E134 i Vindafjord i mai.
Då han skulle kryssa motgåande køyreretning overheldt han ikkje vikeplikta si, og ei ung jente på moped køyrde rett inn i bilen til mannen. Jenta blei dermed påført personskade, heiter det i dommen frå Haugaland og Sunnhordland tingrett.
Tiltalte forklarte i retten at han ikkje såg mopeden før han svinga til venstre, og veit ikkje kor mopeden kom i frå. Han kunne derfor ikkje skjøna at han skal ha vore uaktsam, og bad seg frikjent.