Eg har lyst til å gje ein honnør til dei i Etne Turlag som merkjer og ryddar gamle stiar til stølar og fjell. I dag brukar me vel helst dei mest lette vegane når me skal til fjells. Men det er veldig viktig å ta vare på og sjå korleis dei i tidlegare tider nytta fjellet. Les gjerne Stølsboka som Reidar Berge har skrive. No gjer me oss nytte av fjella på ein heilt annan måte enn før. I og med at stiane vert rydda, kan ein også få høve til å ta vare på og bruka dei gamle navna. Elles kan dei lett verta gløymde.
«Alle 30»-nutane i Etne vert no administrert av Etne Turlag. Der er eg ikkje fullt så fornøgd med eit punkt i Etne IL sitt opplegg. For 2023 var det kome inn eit nytt navn, nemleg Bordfjellet/Grindheimsnuten. I skjema for 2024 er det snudd om på dette til Grindheimsnuten (tidlegare Bordfjellet). Bordfjellet er eit traust gamalt og stødig navn. La oss taka vare på det.
Storskiftekommisjonen var i arbeid i Etne i åra 1874 – 1891. Den fastsette sognelinjer og grenser mellom enkelte gardar i fjellet. Var det tvistar så tok dei det opp til doms, etter vitneførsel frå dei tvistande partar. Der er mykje interesant å finna der. Overrettssakførar Jens Edv. Haugland fekk i 1963 utskrift frå Statsarkivet i Bergen av eindel av arbeidet kommisjonen hadde gjort i Etne. Avskrifta er vitna av Carlo Larsen. Haugland skriv så: “Riktig avskrift etter ovenfor angitte utskrifter fra Statsarkivet i Bergen, – med forbehold for rettskrivningenes vedkommende»,. Haugesund, 30 august 1963. Underskrive av Jens Edv. Haugland. Desse avskriftene har han så samla i ei bok på 129 sider og trykt opp. Eg vil gjerne gje att det som står på litt av side 47 og fortset på side 48:
«commissionens videre Befaring af Fjeldet paa heromhandlede Kanter befandtes det, at et Beite, kaldet «Fiskdalen» udgjør et særskildt Strøg for sig uafhængigt af det egentlige Sameie og havende fra gammel Tid været Gjenstand for særskildte Skjødninger og andre retslige
Dispositioner. Beitet tilhører flere forskjellige Personer, nemlig: Oppsiddere paa Gaardene Sande, Aasbø, Rame, Ramsvig, Grindheim og Østrem, og det befandtes paa de 3 sider forhen at være adskilt fra de omliggende Beiter deIs ved Naturgrændser, dels ved vedtagne Linier, nemlig: paa nordre side af «Løkelsvandet», paa østre Side af «Angelsaasen» og «Avelsvandene» og på søndre og sydvestre side først af Stiftsgrændsen fra «Aveldsvandet» toø det vestenfor «Svandalsvand» liggende Tjerne og derefter af Sognegrænsen mellom Grindems og Støle Sogne fra sidsnævnte Tjern til det af Commission i 1879 satte Mærke i denne Grændse, nemlig x i Bjerg samt Varde paa Fjeldet mellem «Jorabotten» og «Krokevasbotten». Paa den fjerde eller vestre side ble «Fiskedalsbeitet» nu af Comissionen begrændset ved en Linie. Der begynder ved det sidstanførte Mærke på Fjeldet mellem «Jorabotten» og «Krokevassbotten»mog gaa derfra i N. til V 1/2 V. til Do og Do paa «Borfjeld» (i retning V.N.V. og antagelig lidt over 100 Alen fra en stor opretstaaende Klippeblok»); fra sidstnævnte Mærke gaar Linien i N.N.V. til x hugget i Bjerg samt Varde paa en Bjerghaug på «Borfjeld» ikke meget langt fra forrige Mærke og ligeledes Øst op fra et andet lidtet Kjøn og derfra i N. ½ Ø. Til x hugget i Bjerg samt Varde paa Toppen af «Grindemsnuten», derfra i same Retning og ikke meget langt fra forrige Mærke til x hugget i Bjerg samt Vade ude paa Kanten og i nordøstre Ende af «Grindemsnuten», derfra efter Braatets Kant i N.O. 1/2 N. til x hugget i en Bjerghaug samt Varde, derfra nedefter Braaets i N. til V. x hugget i Bjerg på en Fjeldhaug nedenfor «Nutekleiven» mog endelig derfra ti same Retning, indtil Linien naar «Løkelsvandet». Paa den østre Kant støder «Fiske dalsbeitet» til det Gaardene Ramsvig, Rame, Aasbø, Eikreim, og Sande Tilhørende Beite og og paa den vestre Side til Gaardene Grindems og Lilledalens Beiter. Tilstede ved befaringen: Sjurd Odsen Grindem, Haldor Olsen og Ole Ole Hansen Ramsvig, Helje Larsen Rame, Torkel Olsen Sande, der tillige mødte for Ommund Eriksen Aasbø.»
Dette visar at Bordfjellet og Grindheimsnuten er 2 ulike stader. Der var folk med frå dei gardane som skiftelinja vedkom. I Storskiftekommisjonen kjem det ikkje fram at det var noko usemje korkje om skiftelinje eller navn. Navna samsvarar også med kartet som ber navnet til Kapt. Toralf Øyen fra 1927.
Så håpar eg at Etne Turlag og Etne IL endrar dette slik at Bordfjellet og Grindheimsnuten kan liggja attmed kvarandre som gode naboar. Slik dei som var med og gjekk opp skiftelinja saman med Storskiftekommisjonen var. Kan elles nemna at i 1993 vart grenselinja oppgått og då vart visstnok alle krossar funne. Lukka til og god tur til alle som vil til Bordfjellet – Ta også gjerne ein tur utpå Grindheimsnuten.
Leif Halleland, Auastad