Etter funn av plastklips på ei strand i Haugesund-området, skal Statens vegvesen kartleggje om klipsa kjem frå utfyllingsområda til vegprosjektet Rogfast.
Foto: Statens vegvesen / NTB / NPK
Ser alvorleg på mogeleg Rogfast-funn
Statens vegvesen har funne plastklips på ei strand i Haugesund-området. Dei skal no kartleggje om det stammar frå Rogfast-prosjektet.
Rogfast blir verdas lengste og djupaste undersjøiske vegtunnel. Det skal sprengjast ut 54 kilometer med tunnel, som genererer cirka 9 millionar kubikk steinmasse, ifølgje Statens vegvesen
I motsetning til tidlegare tunnelarbeid blir det på Rogfast nytta elektroniske tennarar under sprenging av salver. Desse blir kopla på tunnelveggen med plastklips.
Under nylege testar vart det funne og samla opp små mengder med restar av koplingsklips, opplyser Statens vegvesen.
– Det at det no har vorte funne koplingsklips på land ser vi alvorleg på. Og vi har no sett i verk ei kartlegging og rydding rundt alle utfyllingsområda, seier prosjektsjef Oddvar Kaarmo i ei pressemelding.
Han ber alle som ferdast i området, melde frå til Statens vegvesen dersom dei finn plastklips.