Erling Sande (Sp) er ny kommunal- og distriktsminister og blir peika på som nestleiarkandidat i partiet.
Foto: Lise Åserud / NTB / NPK
Sp-ordførar vil ha fersk statsråd inn i partileiinga
Senterparti-ordførar Jenny Følling i Sunnfjord kommune vil ha den nye kommunalministeren, Erling Sande (Sp), inn som nestleiar i partiet.
– Han er ein veldig ryddig og dyktig person. I partileiinga bør det vere god representasjon, seier Følling til Nationen.
Sande er opphavleg frå Bremanger og tek over jobbar som kommunal- og distriktsminister etter Sigbjørn Gjelsvik. Etter at Ola Borten Moe trekte seg som statsråd og nestleiar i sommar som følgje av ei habilitetssak, har Senterpartiet no berre éin nestleiar, Anne Beathe Tvinnereim frå Halden.
Fylkesleiar Erling H. Herstad i Sogn og Fjordane Senterparti er samd i at Sande er eit godt nestleiaralternativ, men fylkeslaget har ikkje formelt avklart kven dei meiner bør bli andre nestleiar i partiet.
Frå før har fylkeslaga i Nordland, Troms, Finnmark og Vestfold støtta forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch som nestleiarkandidat.