Ein bil køyrde av vegen ved Opheim i Ølen laurdag morgon. Innsatsleiar i politiet, Ivar Ødegård og Ole Norvald Øyjord frå Mesta tar åstaden i nærare augesyn.
Ein bil køyrde av vegen ved Opheim i Ølen laurdag morgon. Innsatsleiar i politiet, Ivar Ødegård og Ole Norvald Øyjord frå Mesta tar åstaden i nærare augesyn.

Utforkøyring i Vindafjord

110-sørvest melde om ei trafikkulykke på Haukelivegen ved 10.15- tida laurdag.

Mannskap frå Ølen brannstasjon rykte ut.

Klokka 10.27 melde Sør-Vest politidistrikt at det er ein bil som har køyrd av vegen på E134, ved Oppheim.

Sjåføren, ein mann, var åleine i bilen. Vedkommande klaga på smerter i eit kne etter hendinga og vart frakta

Bilen skal ha treft ein murkant og øydelagt eit autovern, og Mesta er på plass for å vurdera fundamentet i murkanten, opplyser innsatsleiar Ivar Ødegård i politiet.

Hendinga skapte ikkje tafikale problem på staden.

RETTING: Med melde først at det var ei kvinne som hadde køyrd bilen. Det var feil. Sjåføran var ein mann.